Ballet Shoes

Ballet Shoes er ein britisk fjernsynsfilm frå 2007. Han er omarbeidd av Heidi Thomas frå romanen Ballet Shoes frå 1936, som er skriven av Noel Streatfeild. Filmen blei produsert av Granada Productions og hadde premiere på BBC One 26. desember 2007. Han er regissert av Sandra Goldbacher. Ei tidlegare filmatisering av Ballet Shoes blei produsert i serieformat av BBC i 1975 og regissert av Timothy Combe.

Ballet Shoes
RegiSandra Goldbacher Sjå dette på Wikidata
ManusNoel Streatfeild, Heidi Thomas Sjå dette på Wikidata
Basert påBallet Shoes Sjå dette på Wikidata
MedverkandeEmma Watson, Emilia Fox, Victoria Wood, Richard Griffiths, Marc Warren, Lucy Cohu, Robert Hardy, Gemma Jones, Harriet Walter, Eileen Atkins, Yasmin Paige, Skye Bennett, Lucy Boynton Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2007
Lengd85 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk

HandlingEndra

Filmen handlar om dei tre adoptivsystrene Pauline, Petrova og Posy Fossil som bur i London. Handlinga går føre seg på 1930-talet. Ein dag forsvinn den eksentriske onkelen deira og dei må klare seg sjølve i fattige kår.

SkodespelararEndra

ProduksjonEndra

I juli 2007 blei det kunngjort i ei pressemelding at filminga skulle byrje i august same året. Manusforfattar og produsent Heidi Thomas kalla framdriftsplanen «drepande». Både Victoria Wood og Thomas skildra Streatfeilds roman som ei bok dei lenge hadde sett høgt.

Kringkasta og kommersielle utgjevingarEndra

Filmen blei utgjeven på DVD i Europa i Region 27. januar 2008.

KjelderEndra