Baltijsksundet
(Omdirigert frå Baltiysksundet)
Baltijsksundet er eit sund i Kaliningrad oblast i Russland. Det knyter Gdanskbukta (Austersjøen) og Wisłalagunen og skil Samlandhalvøya og Wisłaneset.
Baltijsksundet | |||
sund | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Baltijsksundet 54°38′28″N 19°52′42″E / 54.641111111111°N 19.878333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Strait of Baltiysk |
Sundet er hovudåra frå det opne havet til dei viktige hamnebyane Baltijsk og Kaliningrad i Russland, samt Elbląg, Braniewo, Tolkmicko, Frombork, Sztutowo, Krynica Morska og Nowa Pasłęka i Polen.[1]
Sundet vart grave ut i 1497. I 1960-åra vart det utvida og måler i dag 400 meter med ei djupne på 12 meter.
Sidan 1990-åra har Russland i periodar blokkert skipsfarten ut sundet (for både Polen og Russland), så sidan 2006 har Polen hatt planar om grave ein annan kanal over Wisłaneset.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Strait of Baltiysk» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Kva ein kanal gjennom Wisłaneset vil føre til? Arkivert 2007-02-24 ved Wayback Machine. (polsk)