Baltsfjorden er ein fjord på nordsida av Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km sørover til garden Baltsfjord i botn av fjorden.

Baltsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Kart
Baltsfjorden
69°32′54″N 17°46′23″E / 69.54843806°N 17.77313194°E / 69.54843806; 17.77313194

Fjorden har innløp mellom Nøringen i vest og Hekkingen fyr på øya Hekkingen i aust. I den indre delen av fjorden ligg det enkelte bustadar på kvar side av fjorden, men berre dei på austsida har vegsamband til resten av øya.

Sør for Hekkingen ligg bukta Giska på vestsida av Giskhaugen. Mellom Giskhaugen og Hekkingen går Hekkingsundet austover til Malangsfjorden.