Senja kommune
Senja kommune er ein kommune i Troms og Finnmark fylke. Kommunen vart til frå 1. januar 2020, ved samanslåing av kommunane Berg, Lenvik, Torsken og Tranøy,[1] og omfattar øya Senja, nokre mindre omliggande øyar og eit stykke av fastlandet mellom Gisundet og Malangen. Finnsnes på fastlandet er største tettstaden og administrasjonssenteret i den nye kommunen. Tettstader på øya Senja er Gryllefjord, Torsken, Senjahopen, Vangsvik, Silsand, Gibostad og Husøy.
Senja kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Finnsnes | ||
Areal | 1 953,81 km² | ||
- land | 1 862,84 km² | ||
- vatn | 90,97 km² | ||
Folketal | 14 851 (1. januar 2023) | ||
Ordførar | Tom-Rune Eliseussen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5421 | ||
![]() Senja kommune | |||
Wikimedia Commons: Senja kommune | |||
Skipinga av Senja kommune begynte i 2016 med at dei Høgrestyrte kommunane Lenvik og Tranøy avgjorde å slå seg saman til ein kommune i 2020.[2] I Berg kommunestyre vart det fleirtal for å slutte seg til ei framtidig avgjerd av Stortinget, i samband med ei nasjonal kommunereform, medan Torsken ønskte å halde fram som eigen kommune.[3] I 2017 kom eit stortingsvedtak om å slå dei fire kommunane saman til nye Senja kommune.[4]
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Senja kommune. Tom-Rune Eliseussen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet.[5]
Folk frå SenjaEndra
- Ottar Brox (f. 1932), politikar, sosiolog, sivilagronom (Torsken)
KjelderEndra
- ↑ «Senja - kommune». Store norske leksikon. 20. september 2019. Henta 13. november 2019.
- ↑ «Folket sa nei, men politikerne sa ja». Nordlys. 25. oktober 2016. Henta 18. november 2019.
- ↑ «Senja-kommunene slås sammen med tvang». Nordlys. 29. mars 2017. Henta 18. november 2019.
- ↑ «Senja-kommunene tvangssammenslått». Folkebladet. 8. juni 2017. Henta 18. november 2019.
- ↑ «Historisk øyeblikk for Eliseussen og Senja». Folkebladet. 31. oktober 2019. Henta 13. november 2019.