Bamsefjell er eit fjell på 2500 moh. som står 11 nautiske mil vest for Nils Larsenfjellet i Sør-Rondane. Det vart kartlagd av norske kartografar i 1957 frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og namngjeve av dei.[1]

Bamsefjell
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Sør-Rondane
Topp Dronning Maud Land
 •  høgd 2 500 moh.
 - koordinatar 72°15′S 22°18′E / 72.250°S 22.300°E / -72.250; 22.300
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Bamsefjell
72°15′S 22°18′E / 72.25°S 22.3°E / -72.25; 22.3
Bamsefjell is located in Antarktis
Bamsefjell (Antarktis)

Fjellet er kalla opp etter H.E. Hansen sitt første barnebarn (sjå H.E. Hansenbreen). Hansen var ein norsk kartograf som først teikna kart over området, basert på flyfotografi tekne av Viggo Widerøe. Han bad om å få nytte dette namnet med tanke på arbeidet han hadde gjort. Bamse var kallenamnet til barnebarnet, og det verkelege namnet var Bjarne (fødd 1953).

Kjelder

endre
  1. «Bamse Mountain». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bamse Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).