Bancroft Bay
Bancroft Bay er ei bukt som ligg mellom Charlotte Bay og Wilhelmina Bay, langs vestkysten av Graham Land. Bukta vart først grovt skissert av Belgica-ekspedisjonen under Gerlache i 1897–99. Ho vart kartlagd på ny av Falkland Islands Dependencies Survey frå flyfoto tekne av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition, 1955–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 etter Anthony D. Bancroft, landmålar under den sistnemnte ekspedisjonen.
Bancroft Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°34′S 61°52′W / 64.567°S 61.867°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bancroft Bay 64°34′00″S 61°52′00″W / 64.5667°S 61.8667°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bancroft Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 25. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bancroft Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).