Bandtvang er plikt til å halde hund i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda. Krav om bruk av band kan stillast for å sikra full kontroll over hundar og slik hindra at dei rømmer, skaper farar i trafikken, trugar folk, dyr eller eigedelar. Bandtvang kan innførast på nasjonalt eller lokalt nivå, og gjelda generelt eller innanfor eit mindre område.

Hundar i band i ei gate i Hong Kong.
Nokre stader kan ein la hundar springa laust i ein hundepark når området rundt er dekt av bandtvang.

Noreg endre

I Noreg kan hund berre gå laus når han vert følgd eller kontrollert på ein aktsam måte, eller om han er forsvarleg inngjerda på ein stad som ikkje er open for allmenn ferdsel. Denne retten til å springe laus er avgrensa ved nasjonal bandtvang i tida frå 1. april til 20. august. Slik bandtvang er gitt av omsyn til tamfe og ynglande vilt.

Lokalt kan kommunane innføre bandtvang ut over dette tidsrommet, av omsyn til andre brukarar av naturen, offentleg ro og orden, beitande husdyr eller ekstraordinære tilhøve som gjer det påkravt å verne viltet. Kommunen kan ikkje gje slik bandtvang i større grad enn formålet krev, og kommunen skal òg ta omsyn til dei som ønskjer å ferdast med laus hund.

Det er unntak for bandtvangen for hund brukt i gjeting og under jakt.

Folk som kjem over laus hund i bandtvangtida, kan ta han opp. I jakttida kan likevel berre politiet eller dei som har jaktrett, ta opp laushunden. Hunden skal leverast attende til eigaren eller, om det ikkje let seg gjere, til politiet. I visse alvorlege tilfelle kan farleg laushund avlivast. I alle høve gjeld reglane dyrevernlova ved opptak eller avliving av laushund.

Bakgrunnsstoff endre