Bann i Wexford
Bann (irsk An Bhanna) er ei elv i County Wexford søraust i Republikken Irland. Ho har utspring på sørsida av Croghan i Nord-Wexford på grensa til County Wicklow. Ho renn sørover og møter Blackwater Stream nær landsbyen Hollyfort. Ho snur sørvestover til landsbyen Camolin. Ho vert kryssa av jernbanen mellom Dublin og Wexford fire gonger og renn forbi Ferns før ho munnar ut i Slaney nord for Enniscorthy.
Bann | |||
elv | |||
Bann ved Milltown nær Ferns
| |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Croghan Mountain, County Wexford | ||
Munning | Irskesjøen ved Wexford, via Slaney | ||
Bann i Wexford 52°32′40″N 6°32′49″W / 52.544444444444°N 6.5469444444444°W | |||
Wikimedia Commons: River Bann, Wexford |
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «River Bann (Wexford)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2007.