Bar Refaeli (fødd 4. juni 1985 i Hod HaSharon) er ein israelsk supermodell, tv-vert, skodespelar og forretningskvinne. Ho var ein av fire programleiarar som leia Eurovision Song Contest frå Tel Aviv i mai 2019.[1]

Bar Refaeli

Fødd4. juni 1985 (38 år)
FødestadOlesh
Fødenamnבר רפאלי
Verka somskodespelar, modell, programleiar, filmskodespelar, forretningsdrivande, gründer, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, brand ambassador, celebrity branding, reality television program judge, realitydeltaker
MorTzipi Refaeli
FarRafi Refaeli
EktefelleAdi Ezra
SambuarLeonardo DiCaprio
PrisarVienna Fashion Awards

Modell- og TV-karriere endre

Refaeli vert sett på som ein av dei mest suksessrike internasjonale modellane frå Israel, saman med blant andre Nina Brosh[2] og Michaela Bercu.[3][4] Som eit resultat av ein vellukka modellkarriere og investeringar, har Refaeli opparbeidd seg ein nettoformue på 20 millionar dollar i 2015.[5] Ifølgje Forbes Israel var Refaeli Israels best betalte modellen i 2013, føre andre israelske modellar som Esti Ginzburg, Gal Gadot og Shlomit Malka.

Refaeli var framsidemodell for symjedrakt-nummeret til Sports Illustrated i 2009, og ho vart røysta fram som nummer éin på lista over dei 100 heitaste modellane i magasinet Maxim i 2012. Sidan 2013 har Refaeli vore programleiar for X Factor Israel.[6]

25. januar 2019 kunngjorde Israels offentlege kringkastingsselskap at Refaeli skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv saman med Lucy Ayoub, Erez Tal og Assi Azar.[7] Tal og Refaeli var hovudvertar, medan Azar og Ayoub var vertar i green room.[8]

Forretningskarriere endre

Rafaeli har gjort ei rekkje investeringar i ulike israelske føretak og har òg etablert sine eigne føretak. Ho er aksjonær i fleire design- og moteselskap, blant dei designglas-produsenten Carolina Lemke.[9] I september 2018 vart det kjent at Kim Kardashian skulle fronte merket saman med Refaeli, og dei to skulle delta saman i ein reklamekampanje.[10]

I 2011 starta Refaeli og den tidlegare mannlege modellen Dudi Balsar opp eit netthandelsselskap kalla Under.me.[11] Selskapet sel designundertøy, og Refaeli står òg bak forretningsutviklingen av selskapet.[12] I november 2011 hadde selskapet samla 1 million dollar i risikokapital.[13]

Refaeli er ein av hovudinvestorane bak MyCheck, som handterer betalingar gjort via smarttelefonar.[14]

Referansar endre

  1. AS, TV 2. «Supermodell skal lede Eurovision-finalen» (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2019. 
  2. Vic likes to be anonymous Orit Merlin-Rosenzweig, 21.05.12 xnet
  3. «Bar Refaeli | The Jerusalem Post». Henta 28. januar 2019. 
  4. Atwan, Shachar (7. mars 2014). «Israeli 80's Supermodel Michaela Bercu Defies Age». Haaretz (på engelsk). 
  5. How much is Bar Refaeli really worth? Yael Bir-Katz Publisert: 17.12.15, ynet
  6. Caspi, David. «Supermodel Bar Refaeli to Host 'X Factor' Israel». The Hollywood Reporter. Henta 24. november 2013. 
  7. Zwart, Josianne. «Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar & Lucy Ayoub to host Eurovision 2019!». Henta 25. januar 2019. 
  8. «Meet the Eurovision 2019 hosts: Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar and Lucy Ayoub». 25. januar 2019. Henta 26. januar 2019. 
  9. Castro in Talks to Buy 50% of Hoodies Apparel Chain for $52m, Haaretz, Adi Dovrat-Meseritz 21. juli 2016
  10. Kim Kardashian Signs Deal to Be the Face of Israeli Brand Carolina Lemke Haaretz. 12. september 2018
  11. «Bras, Lingerie and Swimwear online Boutique - Under.me». Henta 18. oktober 2017. 
  12. Feldman, Batya (24. oktober 2011). «Bar Refaeli's e-commerce lingerie co Undeez raises $1m». GLOBES. Arkivert frå originalen 29. oktober 2011. Henta 14. november 2011. 
  13. Bar Refaeli's e-commerce lingerie company raises $1 million, The Jerusalem Post, Av BATYA FELDMAN 25. oktober 2011
  14. «Bar Refaeli invests in smartphone payment co MyCheck - Globes». 3. desember 2013. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 12. desember 2018.