Barabasteppa
Barabasteppa eller Den barabinske steppa (russisk Барабинская низменность - Barabinskaja nizmennost) er ei skogkledd slette vest i Sibir og eit viktig jordbruksområde i Russland. Steppa har eit areal på 117 000 km² og strekkjer seg mellom Irtysj og Ob. Barabinsk er den største byen på steppa. Kalundasteppa ligg i sør.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baraba steppe» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.