Barbara Sobotta

Barbara Sobotta, fødd Barbara Lerczak, gift 1) Janiszewska, 2) Sobotta, 3) Nowicki, (4. desember 193620. november 2000) var ein polsk sprintar frå Krakow. Ho vann EM-gull på 200 m i 1958 og på 4x100 m stafett i 1962, samt OL-bronse på 4x100 m stafett i 1960.

Barbara Sobotta
Barbara Sobotta.jpg
Barbara Sobotta
Fødd 4. desember 1936
Poznań
Død

20. november 2000 (63 år)
Kraków

Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Barbara Sobotta på Commons

AktivEndra

17-åringen Barbara Lerczak vart nummer fire på 100 m i EM i friidrett 1954 i Bern. Ho vart slått ut i semifinalane på 200 m. Også under sommarleikane 1956 i Melbourne rauk ho ut or 200 m i semifinalane.

Som Barbara Janiszewska vart ho i 1958 europameister på 200 m på tida 24,1 sekundar, to tidels sekund føre sølv- og bronsevinnarane. I 4x100 m stafett sprang ho andreetappen på for Polen og enda på bronseplassen.

I 1960 tok Janiszewska og Polen ein ny bronsemedalje i stafett under sommar-OL i Roma. Etter å ha imponert på 200 m i dei innleiande rundane lukkast ho ikkje i finalen og vart nummer fem på ordinøre 24,8.

Barbara Sobotta og lagvenninnene Teresa Ciepły, Elżbieta Szyroka og Maria Piątkowska vann EM-gull under europameisterskapen 1962 i Beograd på 4x100 m stafett på tida 44,5 sekundar, ny europarekord. Individuelt tok Sobotta bronsen på 200 m, slått av europameisteren Jutta Heine frå Vest-Tyskland og Dorothy Hyman frå Storbritannia.

I 1964 vart Sobotta nummer seks på 200 m under sommarleikane i Tokyo. Ho fekk derimot ikkje plass på Polen sitt lag på 4x100 m stafett, eit lag som vann OL-gullet i øvinga.

KjelderEndra