Dorothy Hyman (fødd 9. mai 1941) er ein britisk tidlegare sprintar i friidrett frå landsbyen Cudworth i South Yorkshire. Ho vart europameister på 100 m i 1962 og tok to medaljar under sommar-OL 1960.

Dorothy Hyman
Dorothy Hyman 1960b.jpg
Dorothy Hyman under Sommar-OL 1960
Fødd 9. mai 1941 (79 år)
Cudworth
Yrke sprinter
Dorothy Hyman på Commons

AktivEndra

17 år gammal sprang Hyman andre etappen for Storbritannia sitt lag som fekk sølv på 4x100 m stafett i EM i friidrett 1958 i Stockholm. Under dei olympiske leikane i 1960 i Roma vann ho sølvmedaljen på 100 og bronsen på 200 m.

Hyman vart europameister på 100 m i 1962 i Beograd, med same tid som tyske Jutta Heine, før ho så fekk sølv på 200 meter, bak nettopp Heine. I 4x100 m stafett var ho å vinne ein bronsemdalje.

Saman med Janet Simpson, Mary Rand og Daphne Arden tok Hyman og Storbritannia ein bronsemedalje på 4x100 m stafett også under olympiaden i 1964 i Tokyo.

KjelderEndra