Per Oddvar Hildre
Per Oddvar Hildre (fødd 24. april 1950) er ein norsk kordirigent og korpedagog. Han har grunnlagt kora SKRUK (Sunnmøre Kristelege Ungdomskor) og Det Norske Kammerkor og dirigerer dei begge. Med desse to kora har Hildre gjeve ut 27 musikkalbum, dei fleste på Kirkelig Kulturverksted. Han har hatt oppdrag som redaktør og programleiar i NRK og TV2. Hildre har òg medverka i fleire musikkprosjekt i utlandet, mellom anna på The International Music Festival of Baku i Aserbajdsjan.
Per Oddvar Hildre | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1950 (73 år) |
Yrke | dirigent |
Nettstad | http://www.pohildre.com |
Per Oddvar Hildre er òg kjend under kallenamnet «Prots».
Prisar Endra
- Ole Vig-prisen 1984.
- Det Norske Kammerkor med Hildre som dirigent mottok Spellemannprisen 1986 i open klasse for Vinjesvingen.
- Pris frå State of Louisiana ved guvernør Edvin M. Edwards 1987.
- 1. pris for kor på Gøteborg internasjonale Musikkfestival 1988.
- Pris frå State of Lousiana ved guvernør M. J. Foster 1996.
- Pris frå Speaker of the House of Representatives ved Hunt Downer 1996.
- Petter Dass-prisen utdelt av dagsavisa Vårt Land 1998.
- Sunnmørspostens kulturpris 2003.
- Korprisen i 2010.