Tett harmoni
Tett harmoni viser til harmonisering der ein følgjer leiet til ein akkord – notane frå akkorden ligg så tett at det ikkje er plass til fleire notar frå han mellom dei.
Denne harmoniforma er mellom anna vanleg i barbershop og annan a cappella-musikk. Ein finn tette harmoniar i vokalarrangement til pop- og rockegrupper som Beach Boys, Bee Gees, Andrews Sisters og Queen.
Tett harmoni blir også brukt i instrumentalmusikk, til dømes i jazz, der «Moonlight Serenade» av Glenn Miller er eit velkjent døme. I denne songen nytta han ei rekkje treblåseinstrument med enkelt røyrblad til å harmonisera innanfor ein enkelt oktav.
Kjelder
endre- Tett harmoni i musikkordboken.no
- Denne artikkelen bygger på «Close harmony» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011.