Barend Graat (21. september 16284. november 1709)[1] var ein biletkunstnar under den nederlandske gullalderen. Han måla, teikna og trykka landskap, historiske bilde, altarbilde og portrett.

Barend Graat

Posthum gravering av Matthijs Pool etter eit sjølvportrett av Barend Graat.
Statsborgarskap Nederland
Fødd 21. september 1628
Amsterdam
Død

4. november 1709 (81 år)
Amsterdam

Yrke kunstmålar, designar
Barend Graat på Commons

Liv endre

 
Den fortapte sonen (De verloren zoon), 1661

Barend Graat blei døypt i Nieuwe Kerk i Amsterdam.[2] Ifølgje Arnold Houbraken lærte Graat å måla av onkelen sin, Hans eller Hand Bodt.[3]

I 1660 gifta han seg med ei ung enkje. Han hadde førebudd ei reise til Italia, men bestemte seg for å ikkje utføra henne. I 1664 kjøpte han ei tomt og bygde eit hus ved Leidsegracht.[4] I 1668 og 1670 hadde han to døtrer døypte i ei schuilkerk (løynd kyrkje).[5][6]

Graat hadde band til den katolske diktaren og dramatikaren Jan Vos.[7]

I 1672 var han ein av fleire målarar som studerte og autentiserte ei samling måleri seld av Gerrit Uylenburgh. I femten år dreiv han ein skule i huset sitt..[8]

Graat blei 81 år gammal. Nevøen hans Matthijs Pool gifta seg med ei av Graat sine døtrer i 1708. Han graverte teikningar som Graat hadde gjort av elfenbeinskulpturar utført av Francis de Bossuit, og gav desse ut i 1727.[1]

Virke endre

Graat signerte verka sine B. Graat fecit.[9] Han fekk opplæring i landskaps- og dyremåleri, men merka seg seinare ut med sjangermåleri, historiske måleri og portrett av familiane til rike handelsfolk frå Amsterdam.[3] Han reiste aldri til Italia, men blei likevel dyktig til å laga små italienske landskap og sjangermåleri i stilen til Pieter van Laer.[9]

Han var aktiv som dekorativ målar, og laga grisaille-måleri og stykke over kaminen for leiande familiar i Amsterdam. Mange av dei er bevarte til i dag.[1]

Amsterdams Historisch Museum har ein Allegori av omsorg måla av Graat i samlinga si, etter eit emblem av Cesare Ripa.[10]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Barend Graat[daud lenkje] i RKD
  2. Amsterdam City Archive
  3. 3,0 3,1 Barend Graat (1628-1709): zijn leven en werk [Paperback], Oxbow Books 
  4. Amsterdam City Archive[daud lenkje] (daud lenkje)
  5. Amsterdam City Archive[daud lenkje] (daud lenkje)
  6. Amsterdam City Archive[daud lenkje] (daud lenkje)
  7. Hut, M. van der (2010) Schilder Barend Graat en zijn model Jannitje Barents. I Amstelodamum, s. 34-38.
  8. Letje Lips (2009), s. 19
  9. 9,0 9,1 Barend Graat biography in De groote schouburgh der Nederlantsche konstschilders en schilderessen (1718) av Arnold Houbraken
  10. Allegorie op de Verzorging in het Oude Mannen- en Vrouwengasthuis, 1685 Arkivert 2012-07-01 ved Archive.is on the AHM website

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barend Graat