Baril, barril eller barrique er eit tønneforma kar, eit anker, som vart nytta som måleiningar for volum i søreuropeiske og latin-amerikanske land for vin, nokre stader òg for olje og andre flytande varer. Storleiken varierte ikkje berre frå land til land, men i enkelte land òg frå distrikt til distrikt og frå vare til vare. Til dømes var i Roma 1 barile d'olio 57,48 liter, men elles 58,34 l. På Sicilia var 1 barile 34,4 liter, litt mindre enn eit norsk anker. På dei fleste andre stader var storleiken 60–70 liter. I Portugal nytta ein barril, lik 301 liter, i Frankrike barrique, som normalt var 228 liter, men i ein del vindistrikt noko mindre.

Sjå òg endre

Kjelder endre