Barlindåsen er ein ås i Lillomarka i Oslo kommune. Høgda er på 407 meter over havet, og åsen er det 25. høgaste fjellet i Oslo av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Barlindåsen
fjell
Land  Noreg
Kommune Oslo
Høgd 407 moh.
Primærfaktor 50 m
Kart
Barlindåsen
60°00′40″N 10°49′17″E / 60.011111111111°N 10.821388888889°E / 60.011111111111; 10.821388888889

Åsen er etter måten lang og smal, og går i retninga nord-sør. Austgrensa for Maridalen landskapsvernområde fylgjer åsen. Langs åsryggen går det ein stig. Fleire stader er det godt utsyn mot vest og sør, mellom anna mot Maridalsvatnet og Oslo by.

Sjå òg

endre