Lillomarka er eit skogsområde i Oslomarka nordaust for Oslo by, og høyrer dels til Oslo kommune, dels til Nittedal kommune i Akershus. Lillomarka er avgrensa i vest av Maridalen, og i aust av sjølve dalen Nittedal og av Gjelleråsen, i sør av dei tettbygde områda i Groruddalen i Oslo, og elles av jarnbanelina Gjøvikbanen og av Movatn i nord. Nordmarka ligg vest og nordvest for Lillomarka, på den andre sida av Maridalen.

Breisjøen i Lillomarka sett frå Romsås
Foto: C. Hill, 2007
Oversyn over Oslomarka som syner Lillomarka sin plass i høve til dei andre områda.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lillomarka