Barneskjær
59°13′05″N 10°27′47″E / 59.21806°N 10.46306°E
Barneskjær er ei øy i Færder kommune i Vestfold.[1] Ho ligg rett utanfor Nesbrygga på Nøtterøy, sør for Føynland. Øya har eit areal på om lag 39 dekar. Tidlegare Nøtterøy kommune kjøpte øya av Markus O. Korsnes for 200 000 kroner i 1968 til bruk som friareal.
Barneskjær er mykje vitja av skuleklassar og organisasjonar. Det er eitt hus på øya bygd i 1924, og det vert leigd ut for kortare periodar. Det er ikkje straum på øya, så kjøkenutstyret i det stavernsgule huset vert drive av gass. Det er ei brygge på øya med plass til 4-5 båtar.
På Barneskjær er det òg fleire tyske bunkersar i fjellet som stammar frå andre verdskrigen.
Kjelder
endre- ↑ «Barneskjær». Kartverket / Faktaark. Henta 24. januar 2018.