Nøtterøy

tidlegare kommune i Noreg
(Omdirigert frå Nøtterøy kommune)

Nøtterøy er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke, som frå 1. januar 2018 er ein del av Færder kommune. Kommunen var ein øykommune med Nøtterøy, Veierland og Føynland som utgjorde størstedelen av arealet. I tillegg kom om lag 175 andre større og mindre øyar. Hovuddelen av folkesetnaden fanst på Teie og den nordlege delen av øya. Teie er ein større tettstad som grensar mot Tønsberg kommune. På Teie ligg mellom anna Vinmonopolet og Nøtterøy Sparebank. Her finn ein òg den eine av den tidlegare kommunen sine to ungdomsskular, Teigar.

Nøtterøy
stad
Årøsund (14609169394) (cropped).jpg
Nøtterøy kommune på eit kart over Vestfold
Land Flag of Norway.svg Noreg
Map
Nøtterøy
59°12′4″ N 10°24′28″ E
NO 0722 Nøtterøy.svg
Wikimedia Commons: Nøtterøy
Kommunevåpenet til Nøtterøy

Andre tettstader i den tidlegare kommunen var Borgheim, Føynland, Torød, Årøysund, Vestskogen og Kjøpmannskjær. Nøtterøy er saman med den tidlegare kommunen Tjøme kommune kjend for sin vakre skjérgard.

Borgheim var administrasjonssenter, her finn ein kommune- og kyrkjeadministrasjon. I tillegg ligg brannstasjonen som er ein del av Vestfold Interkommunale Brannvesen her. Nøtterøy videregående skole ligg òg her. På Borgheim finn ein den andre ungdomsskulen, Borgheim ungdomsskole.

Nøtterøy sitt høgaste punkt var Vetan med sine 101 moh. Det nest høgaste punktet er Vardås.

InnbyggarnamnEndra

Ein person frå Nøtterøy blir kalla «nøttlending».

Kjende nøttlendingarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.