Barra (skotsk-gælisk Barraigh, Eilean Bharraigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Innbyggjarane er hovudsakleg gælisktalande og bortsett frå den nærliggande Vatersay er ho den sørlegaste av dei busette øyane i øygruppa.

Barra
Lokalt namn Barraigh, Eilean Bharraigh
Geografi
Barra is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°59′00″N 7°28′00″W / 56.9833°N 7.4667°W / 56.9833; -7.4667
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 58,75 km²

Høgaste punkt Heaval (383 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Castlebay

Demografi
Folketal 1078 (2001)
Folketettleik 18,3 /km²

Geografi endre

I 2001 hadde øya 1078 innbyggjarar. Ho har eit areal på 58,75 kvadratkilometer og den største landsbyen er Castlebay (Bàgh a' Chaisteil). Barra har i dag vegsamband til naboøya Vatersay (Eilean Bhatarsaigh) via ei vegfylling.

Vestsida av øya har kvite sandstrender med skjelsanddekt machair bakom. På austsida finn ein fleire berglendte viker. Barra har vakker natur, mange sjeldne planter og rikt dyreliv.

Kisimul Castle ved Castlebay ligg ved i bukt på øya og har slik gjeve landsbyen namnet sitt.

Andre stader på øya er ruinane av ei kyrkje og eit museum ved Cille Bharra, fleire festninga frå jernalderen og seinare strukturar som er grave ut.

Historie endre

MacNeil-klanen har sterke band til Barra og hevdar dei er etterkomarar etter O'Neill-familien frå Ulster.[1]

Alexander av Islay gav øya til MacNeill-klanen i 1427. Klanen hadde øya fram til 1838, då Roderick MacNeil, den 40. høvdingen i klanen, selde ho til oberst Gordon of Cluny. Gordon dreiv dei fleste innbyggjarane bort frå øya for å nytte ho til sauehald. Mange av innbyggjarane flytta då til fastlandet, Australia, New Zealand, USA og Canada. Barra kom tilbake til MacNeill-familien i 1937.[2] I 2003 tok staten over øya, og ho vil verte gjeven attende til øybuarane om dei nokon gong krev det.[3]

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «MacNeill of Barra History». ScotClans. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 25. februar 2010. 
  2. «Barra». Undiscovered Scotland. Henta 25. februar 2010. 
  3. Ross, John (6. september 2003). «A gift to Scotland - the isle of Barra». The Scotsman. Henta 25. februar 2010.