Vatersay (skotsk-gælisk Bhatarsaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Vatersay er òg namnet på den einaste landsbyen på øya.

Vatersay
Lokalt namn Bhatarsaigh
Geografi
Vatersay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°56′N 7°32′W / 56.93°N 7.53°W / 56.93; -7.53
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 9,60 km²

Høgaste punkt Theiseabhal Mòr (190 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 94 (2001)
Folketettleik 9,8 /km²

Plassering

endre

Ho er den vestlegaste permanent busette øya og staden i Skottland, og har hatt vegsamband til Barra over ei vegfylling sidan 1991.[1] Ved lågvatn er ho landfast med øya Uineasan i aust.

 
Vatersay Bay på Vatersay.

Av dyr på øya finn ein oter, sel og gråhegre.

Det finst restar etter ei festning frå jernalderen på øya.

Under ein storm i 1853 mista 350 menneske livet i eit skipsforlis.[2]

Kjelder

endre
  1. «Undiscovered Vatersay». Isle of Barra. Henta 3. mars 2010. 
  2. «Annie Jane Memorial - the story». Isle of Vatersay. Arkivert frå originalen 21. november 2008. Henta 3. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre