Barren Grounds (også kalla Barren Lands[1]) er eit stort tundraområde som ligg på fastlandet i Nunavut og Nordvestterritoria i Nord-Canada. Barren Grounds er stort sett ikkje folkesett, om ein ser bort frå nokre få landsbyar og småbyar ved kysten av Nunavut.

Barren Grounds
region
Tundra i Nunavut
Land  Canada
Kart
Barren Grounds
65°N 106°W / 65°N 106°W / 65; -106

Urfolksgruppa Barren Lands First Nation held til i Nord-Manitoba nær grensa til Saskatchewan.

Barren Grounds er prega av tundra og innsjøar. Det finst fleire lange elvar her, som Coppermine, Back, Dubawnt, Kazan og Thelon.[1] Landskapet er for det meste flatt, men med nokre åsar i nokre område.

Barren-ground caribou (Rangifer tarandus groenlandicus) er ein underart av karibu, eller rein, som finst i Canada og på Grønland.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Encyclopædia Britannica. «Barren Grounds». Arkivert frå originalen 10. september 2015. Henta 20. juli 2020.