Nordvestterritoria
![]() | |||||
Hovudstad | Yellowknife | ||||
Flatevidd
- Rangering i Canada |
1 346 106 km² 3. | ||||
Folketal (2006) - Rangering i Canada |
41,861 11. | ||||
Grunnlagd | 1870 (Hudson's Bay Company overgav territoria til Canada) | ||||
Offisielle språk | Dene suline, cree, engelsk, fransk, gwich’in, inuinnaqtun, inuktitut, inuvialuktun, nord-slavey, sør-slavey, tłįchǫ[1] | ||||
Premierminister | Caroline Cochrane | ||||
Nettstad | www.gov.nt.ca | ||||
| |||||
Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories, ofte forkorta NWT; fransk, les Territoires du Nord-Ouest) er eit kanadisk territorium. Det har ei flatevidd på 1 171 918 m², men berre 41 861 (2006). Sidan 1967 har hovudstaden vore Yellowknife.
Historie Endra
Historia til dette kanadiske territoriet blei til i juni 1870 då Hudson's Bay Company overførte Rupert's Land og North-Western Territory til den kanadiske regjeringa. Denne digre regionen omfatta heile det noverande Canada bortsett frå Britisk Columbia, kysten av dei store sjøane, dalen rundt St. Lawrence-elva og den sørlege tredjeparten av Quebec, Maritimes, Newfoundland, Labradorkysten og dei arktiske øyane som no er del av landet. Namnet viser til den nordvestre plasseringa i høve til Rupert's Land.
Etter overføringa blei området gradvis forminska ved at det blei skilt ut mindre provinsar. Manitoba blei til i 1870 som ein liten firkant rundt Winnipeg før det blei utvida til dagens provins i 1881. Då Britisk Columbia blei med i den kanadiske konføderasjonen i 1871 var det allereie blitt lova dei delane av Nortdvestterritoria som låg sør for 60 grader nord og vest for 120 grader vest. I 1882 blei Regina territoriehovudstad, men etter at Alberta og Saskatchewan blei provinsar i 1905 blei Regina i staden provinshovudstad i den nylaga Saskatchewan.
Kjelder Endra
- ↑ Nordvestterritoria Official Languages Act, 1988 (as amended 1988, 1991-1992, 2003)