Karibu
Karibu (frå caribou) er ei samnemning for nordamerikanske og grønlandske underartar av arten rein (Rangifer tarandus), òg kalla reinsdyr.
- Alaskakaribu (Rangifer tarandus granti) er utbreidd frå Alaska til Yukon og i Nordvestterritoria i Canada, i tillegg til vest på Grønland
- Arktisk rein/arktisk karibu (Rangifer tarandus eogroenlandicus ) var tidlegare utbreidd aust på Grønland, men ein reknar med at arten døydde ut kring år 1900
- Grønlandskaribu (Rangifer tarandus groenlandicus) er utbreidd i Nunavut og Nordvestterritoria i Canada, i tillegg til vest på Grønland
- Peary karibu (Rangifer tarandus pearyi) er utbreidd i Nunavut og Nordvestterritoria i Canada
- Skogskaribu/kanadisk karibu (Rangifer tarandus caribou) er utbreidd frå Alaska til Newfoundland, og sør til New England og Washington
Sjå òg
endreKjelder
endre- «caribou» i Store norske leksikon, snl.no.