Bartekopp er ein type kopp laga spesielt for å brukast av personar med bart. Ein slik kopp har ei lita hylle på innsida av koppen som vernar barten mot væske og skum. Slike koppar var særleg populære mellom rundt 1830 og 1930.

Bartekopp med innskrifta «Hvis Knebelsbarten Du vil holde grei, / glem ikke at benytte mig!» Koppen er ein av 8 modellar av bartekoppar i priskuranten frå Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1909.[1] Høgd 7,6 cm. Norsk Folkemuseum NF.1985-0623.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt

Bartekoppen blei funnen opp i England, men blei snart laga også i land som Frankrike, Tyskland og Russland. Dei kunne vera gåvegjenstandar med påskrifter som «Think of me» eller pynta med kjende personar eller blomemotiv. Større servise kunne omfatta ein enkelt bartekopp.[2]

Norske Porsgrunds Porselænsfabrik nemner bartekoppar i priskuranten frå 1908, men dekornummeret på ein bevart kopp tyder på at han var produsert allereie i 1902.[3]

Kjelder endre

  1. Halvorsen og Larsen (1997) s. 295.
  2. «Alla tiders ting. Del 5 – En kopp för en karl». YLE. Arkivert frå originalen 29 oktober 2013. Henta 27 oktober 2013.  Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine.
  3. Halvorsen og Larsen (1997) s. 99.

Litteratur endre

  • Halvorsen, Josef og Larsen, Kjell Egil (1997): "Gammelt Porsgrund" Klenodier verd å eie. Porsgrunn. ISBN 82-992998-2-9.
  • Tunander, Britt (1986): Illustrerat Antiklexikon. Stockholm. ISBN 91-27-01633-1
  • Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo.