Servise

Servise (uttalt med trykk på -vise, frå fransk med opphav i latin servire, som i «servere») eller stell er eit sett av tallerkenar, serveringsfat, asjettar og koppar som er meint å høyre saman[1] og verte nytta under oppdekking av bord. Servisa er tilpassa kva slags måltid det skal nyttast til. Ein skil mellom til dømes frukostservise, middagsservise, kaffiservise og teservise. Glas og bestikk vert ikkje rekna med til serviset, men det er vanleg å nytte same type glas og bestikk til alle under eit måltid. Dekkjetøy er fellesnemninga for servise, glas, bestikk, pepar- og saltkar og anna som vert plassert på det oppdekte bordet.

Middagsservise i sylv på eit dekka bord.

KjelderEndra