Ein bart er hårvekst på overleppa. Friserte eller stelte bartar vert òg kalla mustasjar. Bartar kjem med skjeggveksten i puberteten hjå unge gutar og menn. Hårveksten varierer likevel frå person til person og mellom folkegrupper. Vidare kan også kvinner få teikn til bart. Bartemoten har, som skjegg- og hårfrisyrane, variert stort igjennom tidene.

Bart og mustasje endre

Ordet bart, stundom i fleirtalsforma bartar på grunn av dei to delane, kjem frå tysk jamfør det norrøne barð. Det tydde opphavleg «skjegg», i eintal gjerne «overskjegg» eller «store bartar». Ordet svarar til engelsk beard og tysk Bart som framleis tyder «skjegg».[1] Bart er elles etymologisk i slekt med børste og bard.

Medan bart ofte berre skildrar sjølve hårveksten på overleppa, vert mustasje brukt om ein bart forma eller stelt gjennom frisering, voksing og liknande. Mustasje er eit ord som har kome inn i norsk frå fransk og italiensk der det er danna av det greske mystax som tyder «overleppe».[2]</nowiki> Mustasjar vert brukte på norsk særleg om store knebels- eller snurrebartar.

Mote endre

 
Ryttarfigur med bart og delvis barbert hovud. Eit måleri frå bronsealderkulturen pazyryk i Sibir frå omkring 300 f.Kr.
 
Frans Hals måleri «Den smilande kavaléren» frå 1623 viser ein kavalér med velfrisert basert og fippskjegg i den overdådige uniformsmoten til den europeiske barokken med mellom anna vid kavalérhatt og stor kniplingskrage.
 
Store bartar utan hakeskjegg var vanleg i den europeiske herremoten på 1800-talet. Biletet viser den 32-årige komponisten Edvard Grieg med «børstebarten» sin i 1876.
 
Bartemoten endrar seg stadig. Biletet viser statsminister Christian Michelsen som helser den danske prinsen Carl velkomen til det sjølvstendige Noreg som kong Haakon VII med kronprins Olav på armen 25. november 1905. Michelsen har velfrisert helskjegg, den yngre Haakon har stor bart. Kongen heldt fram med å ha bart resten av livet, medan prinsen vart verande glattbarbert i tråd med moten i samtida.
 
I angloamerikansk populærkultur på 1900-talet har bartar ofte vorte forbunde med Sør-Europa, Latin-Amerika og den arabiske verda. Biletet viser den amerikanske boksaren Jack Dempsey som friserer lausbarten for å kleda seg ut som ein meksikanar i 1929. I tradisjonelle cowboyfilmar ber dei meksikanske charroene store mustasjar og sombreroar i motsetnad til glattbarberte amerikanarar med stetsonhatt.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Historie endre

Bartebruken har som frisyrane og klesdraktene variert mykje i ymse periodar, område og kulturar. Medan babylonarane og andre kulturfolk frå same område bar langt krølla skjegg, var oldtidas egyptarar, grekarar og romarar var bartar forbode ved ulike høve.[3] I folkevandringstida og mellomalderen kom andre skikkar til Europa, påverka både aust- og nordfrå. Særskild kan ein trekkja fram bartebruken blant dei franske gallarane.[4] I Vest-Europa var bartar vanleg hjå velkledde både i barokken og på 1800-talet, og seinare blant hippiar og «mjuke menn» med viltveksande heilskjegg på 1970-talet.[5]

I byrjinga av 1900-talet representerte store og kraftige bartar både den gamle moten, men også radikal politikk, medan små, velfriserte representerte det nye. I den kvite, amerikanske populærkulturen frå 1930-talet og framover har bartar særleg vorte forbunde med «utlendingar», til dømes frå det europeiske kontinentet. Etter den fyrste verdskrigen har ikkje bartar vore vanleg lenger i den vestlege herremoten.

I den austlege delen av Asia har lange bartar og skjegg vore teikn på autoritet og visdom som kjem med alderen. Karakteristisk er dei tynne «flagrebartane», ofte båra saman med hårpisk, ein mote frå mandsjuane som vart påbode under Qing-dynastiet frå 1644 til 1912.

Religion endre

I somme religionar er det eit påbod om å bera skjegg og bart, til dømes i sikhismen og retningar innan islam og jødedomen.

I dag endre

I mange miljø vert bartar og skjegg oppfatta som meir mandig enn det å vera glattbarbert. Andletshår kan gjeva assosiasjonar både til styrke og virilitet, men også modnad og høg alder, autoritet og klokskap. Det kan samstundes verka upraktisk, gamaldags og ureinsleg. I enkelte muslimske miljø kan glattbarberte menn opplevast som meir kvinnelege enn menn med bart, og nokre pakistansk-norske menn har difor bart før dei reiser til Pakistan på vitjing. Difor vert bartar assosiert særleg med arabisk og muslimsk kultur, men også søreuropeisk og latinamerikansk. Motsett er det døme på at vestlege verksemder, til dømes hadde Disney-konsernet forbod mot bartar og skjegg hjå tilsette som skulle representera firmaet utover og ha kontakt med kundar og publikum, i seinare tid har dei lempa på nokre av desse reglane.[6] Fleire gangar i historia har elles velstelte bartar vorte rekna som meir jålete og forfengeleg enn heilskjegg.

Kjende barteberarar endre

 
Den smale «tannbørstebarten» til Adolf Hitler er moglegvis den mest kjende i historia. Biletet viser ein valkampplakat for det tyske nazistpartiet i 1932 som forsterkar signatureffekten gjennom prikken over i-en.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Den tyske nazistiske diktatoren Adolf Hitler, og den britiske filmkomikaren Charlie Chaplin, gjorde sin karakteristiske bartetype verdskjend. Den velfriserte, svarte, firkanta pensels- eller tannbørstebarten var ikkje heilt uvanleg i samtida, men utvikla seg etterkvart til eit visuelt varemerke for desse berarane. Slike bartar vert difor ofte kalla «hitlerbart» eller «chaplinbart». Den vesle, firkanta barten vart populær i Tyskland i 1920-åra, truleg som ein slags protest mot at keisar Vilhelm 2., som hadde stor, «gammaldags» knebelsbart, hadde leidd tyskarane inn i den fyrste verdskrigen og svikta. Saman med ein pannelugg til sides gav barten til Hitler det gjenkjenbare andletet og den visuelle slåande utsjånaden – barten fekk ein slags signaturfunksjon. For Chaplin var likevel penselsbarten ein del av det komiske kostymet hans. Då han tok i bruk han for fyrste gang i 1914, bestod han av svart kreppapir. Skodespelaren var elles glattbarbert utanom filminga. På grunn av sterkt negative assosiasjonar til Hitler og hans terrorregime er denne bartetypen ein av få som i ettertid er nesten ubrukeleg.

Kjende barteberarar frå 1900-talet endre

Anna endre

  • Bartevoks er voks til å smørja og stiva barten.
  • Bartekoppar er drikkekoppar med ei plate som er sett tvers over toppen av koppen og tilpassa slik at den som drikk, ikkje skal bli våt i barten. Slike koppar kom på 1800-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 10. mars 2023 
  2. «Mustasje» i Nynorskordboka.<nowiki>
  3. Sherrow, Victoria (2006), Encyclopedia of Hair: A Cultural History (på engelsk), Greenwood Publishing Group, s. 57, ISBN 978-0-313-33145-9, henta 14. mars 2023 
  4. «Mustache | facial hair | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 14. mars 2023 
  5. Sherrow 2006, s. 60.
  6. «National News Briefs; Mustache Ban Lifted For Disney Employees». The New York Times (på engelsk). 27. mars 2000. ISSN 0362-4331. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bart