Basilikum
Basilikum
Basilikum
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Slekt: Ocimum
Art: Basilikum O. basilicum
Vitskapleg namn
Ocimum basilicum

Basilikum (Ocimum basilicum) er ei krydderurt i leppeblomfamilien. Det er dyrka fram mange basilikumkultivarar og hybridar med ulike bladstorleikar og smakar.

Basilikum i Taormina på Sicilia.

Basilikum stammar frå Sør-Asia og Iran.[1] Planten blir i dag dyrka i store delar av verda, og er viktig i søraustasiatisk og italiensk mat.

Urta kan brukast frisk eller tørka. Basilikum blir mellom anna brukt til kjøt, fisk og salatrettar, og i ulike sausar, som pesto.

Basilikum har hjarteforma blad, og desse er derfor eit kjærleikssymbol i Italia.[1]

Eit einaste funn er registrert i Noreg.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Basil» (2015), Encyclopædia Britannica
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1165. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Basilikum
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.