Basisk myelinprotein

Basiske myelinprotein (MBP) er to familiar sterkt positivt ladde uordna protein der særskilt den eine av dei er viktig i myelin. Basiske myelinprotein finst både i sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet.[5][6]

MBP
Tilgjengelege strukturar
PDBOrtologsøk: PDBe RCSB
Identifikatorar
Andre namnMBP, myelin basic protein
Eksterne ID-arOMIM: 159430 MGI: 96925 HomoloGene: 1788 GeneCards: MBP
Ortologar
ArtMenneskeMus
Entrez
Ensembl
UniProt
RefSeq (mRNA)
RefSeq (protein)
Plassering (UCSC)Chr 18: 76.98 – 77.13 MbChr 18: 82.49 – 82.6 Mb
PubMed-søk[3][4]
Wikidata
sjå/endra menneskesjå/endra mus

Genet som kodar for basiske myelinprotein (MBP) er meir enn 100 kilobasar langt, noko som er særs langt. Det har tre ulike sete for byrjing av avskriving, og gjev opphav til dei to familiane av protein: klassiske basiske myelinprotein og golli-basiske myelinprotein. Dei klassiske basiske myelinproteina er mellom dei mest talrike proteina i sentralnervesystemet. Dei vert i hovusak uttrykte i myeliniserande seller (oligodendrocyttar), og ser ut til å ha myelinisering som viktigaste biologiske rolle. Golli-basiske myelinprotein vert derimot òg uttrykte i andre seller, både nerveseller og andre seller (til dømes T-seller). I utrøyningar er basiske myelinprotein synte å kunna vekselverka med ulike protein, som selleskjelettproteina aktin og mikrotubular og bodberarproteinet kalmodulin bunde til Ca2+.[5][7]

Hjå pasientar med multippel sklerose er basiske myelinprotein meir deiminerte og mindre fosforylerte; og dess alvorlegare sjukdomen er, dess fleire argininrestar er deiminerte.[7]

Basiske myelinprotein oppstod hjå kjevefiskar for kring 400 millionar år sidan, kring same tida myelin oppstod hjå denne gruppa ryggradsdyr.[7][8] Ein homolog til golli-basiske myelinprotein er kjend frå niaugo, som til liks med andre kjevelause fiskar ikkje har myelin.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 GRCh38: Ensembl release 89: ENSG00000197971 - Ensembl, May 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 GRCm38: Ensembl release 89: ENSMUSG00000041607 - Ensembl, May 2017
  3. «PubMed-kjelde for menneske:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  4. «PubMed-kjelde for mus:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  5. 5,0 5,1 Fulton, Daniel; Paez, Pablo M; Campagnoni, Anthony T (2010). «The Multiple Roles of Myelin Protein Genes During the Development of the Oligodendrocyte». ASN Neuro 2: AN20090051. doi:10.1042/AN20090051. 
  6. Suresh, Swetha; Wang, Chaozhan; Nanekar, Rahul; Kursula, Petri; Edwardson, J. Michael (2010). «Myelin Basic Protein and Myelin Protein 2 Act Synergistically to Cause Stacking of Lipid Bilayers». Biochemistry 49 (16): 3456. PMID 20334434. doi:10.1021/bi100128h. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Vassall, K. A.; Bamm, V. V.; Harauz, G. (2015). «Myel Stones: The executive roles of myelin basic protein in myelin assembly and destabilization in multiple sclerosis». Biochemical Journal 472 (1): 17–32. PMID 26518750. doi:10.1042/BJ20150710. 
  8. Nawaz, Schanila; Schweitzer, Jörn; Jahn, Olaf; Werner, Hauke B. (2013). «Molecular evolution of myelin basic protein, an abundant structural myelin component». Glia 61 (8): 1364. PMID 24040667. doi:10.1002/glia.22520. 
  9. Werner, Hauke B. (2013). «Do we have to reconsider the evolutionary emergence of myelin?». Frontiers in Cellular Neuroscience 7. doi:10.3389/fncel.2013.00217. 
  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.