Myelin er eit isolerande lag av lipid og protein som ligg kring aksona til nerveseller både i sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet. Isoleringa gjer at aksjonspotensialet kan gå snøggare langs aksonet. I sentralnervesystemet er det oligodendrocyttar som lagar myelinet, medan det er Schwann-seller i det perifere nervesystemet. Båe desse selletypane dannar store mengder plasmamembran som pakkar inn aksona til nervesellene.

Bilete teke med eit elektronmikroskop som syner eit myelinlag (konsentriske ringar) kring eit akson
Dei gule avlange objekta er Schwann-seller frå det perifere nervesystemet og dannar eit myelinlag kring aksonet til nervesella

Myelin finst hjå mange ulike grupper organismar (til dømes hjå ledmakkar og krepsdyr), men er mest utvikla hjå ryggradsdyra. Myelin finst òg hjå alle ryggradsdyra utanom kjevelause fiskar.

Kjelder endre