Bassisten Richard Davis
Richard Davis (15. april 1930–6. september 2023) er ein USA-amerikansk jazzbassist. Blant dei mest kjende bidraga hans er mellom anna Eric Dolphy sitt Out to Lunch!, Andrew Hill sitt Point of Departure og Van Morrison sitt Astral Weeks, som kritikaren Greil Marcus (i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll) skreiv om «Richard Davis spelte den beste bassen som nokon gong er høyrt på eit rockealbum.»[1]
Richard Davis | |||
Richard Davis i Bach Dancing & Dynamite Society i Half Moon Bay i California, 28. februar 1987 | |||
Fødd | 15. april 1930 (94 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Død | 6. september 2023 | ||
Dødsstad | Madison | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1940-åra | ||
Sjanger | Jazz, klassisk | ||
Instrument | Kontrabass | ||
Tilknytte artistar | Eric Dolphy, Creative Construction Company, The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra | ||
Plateselskap | Muse, Palmetto, Marge | ||
Verka som | Musikar, lærar | ||
Prisar | NEA Jazz Masters |
Davis byrja den musikalske karrieren sin med brørne sine og song bass i ein familietrio.[2] Han var medlem av Chicago Youth Symphony Orchestras og spelte i den første framføringa til orkesteret i Chicago den 14. november 1947.
I 1957 flytta han og pianisten Don Shirley til New York City der dei spelte i lag fram til 1956, då Davis byrja å spele med Sauter-Finegan Orchestra. I 1957 vart han ein del av rytmeseksjonen til Sarah Vaughan og spelte med ho fram til 1960.
I 1960-åra var Davis etterspurt i forskjellige musikkrinsar. Han arbeidde med mange små jazzgrupper på denne tida, inkludert dei leia av Eric Dolphy, Jaki Byard, Booker Ervin, Andrew Hill, Elvin Jones og Cal Tjader. Frå 1966 til 1972 var han medlem av The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra. Han har òg spelt med Don Sebesky, Oliver Nelson, Frank Sinatra, Miles Davis, Dexter Gordon og Ahmad Jamal.[3]
Davis spelte med pop- og rockemusikarar i 1970-åra, og spelte på Laura Nyro sitt Smile, Van Morrison sitt Astral Weeks og Bruce Springsteen sine Greetings From Asbury Park, N.J. og Born to Run. Davis har òg spelt klassisk musikk me ddirigentane Igor Stravinsky, Leonard Bernstein, Pierre Boulez, Leopold Stokowski og Gunther Schuller.[3]
I 1977 flytta Davis til Wisconsin og vart professor ved University of Wisconsin–Madison, der han lærte bass, jazzhistorie og improvisasjon. Av studentane hans finn ein William Parker, David Ephross, Sandor Ostlund, Hans Sturm og Karl E H. Seigfried.[4]
Diskografi
endre- Heavy Sounds (Impulse!, 1967) med Elvin Jones
- Muses for Richard Davis (MPS, 1969)
- The Philosophy of the Spiritual (Cobblestone, 1971)
- Epistrophy & Now's the Time (Muse, 1972)
- Dealin' (Muse, 1973)
- As One (Muse, 1976)
- Fancy Free (Galaxy, 1977)
- Divine Gemini (SteepleChase, 1978) med Walt Dickerson
- Harvest (Muse, 1977 [1979])
- Way Out West (Muse, 1977 [1980])
- Tenderness (SteepleChase, 1977 [1985]) med Walt Dickerson
- Persia My Dear (DIW, 1987)
- Body and Soul (Enja, 1989 [1991]) med Archie Shepp
- The Bassist: Homage to Diversity (Palmetto, 2001)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Richard Davis (bassist)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Marcus, Greil. The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll.
- ↑ Ron Wynn. «Richard Davis | Biography». AllMusic. Henta 29. september 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Richard Davis». richarddavis.org. Henta 29. september 2020.
- ↑ «The University of Wisconsin-Madison School of Music | Richard Davis». Music.wisc.edu. 14. juli 2014. Henta 29. september 2020.