Elvin Jones

amerikansk musikar og trommeslagar

Elvin Ray Jones (9. september 192718. mai 2004) var ein amerikansk jazzbatterist. Han vart fødd i Pontiac i Michigan som yngstemann i ein familie på ti. To av brørne var òg jazzmusikarar: Hank (piano), og Thad (trompet/flygelhorn).

Elvin Jones

Statsborgarskap USA
Fødd 9. september 1927
Pontiac
Død

18. mai 2004 (76 år)
Englewood

Yrke jazztrommis, plateartist
Språk engelsk
Medlem av The Jones Brothers, John Coltrane Quartet, John Coltrane Quintet
Ektefelle Keiko Jones
Nettstad http://www.elvinjones.com/
Elvin Jones på Commons

Elvin byrja å spele profesjonelt på 1940-talet. Etter kvar byrja han å spele med artistar som Charlie Parker, Miles Davis og Wardell Grey. I 1955, etter å ha vorte vraka etter prøvespeling for Benny Goodman, fann han arbeid i New York. Han vart med i bandet til Charles Mingus, og gav ut ei plate med namnet J is for Jazz. I 1960 vart han medlem av den klassiske kvartetten til John Coltrane med Jimmy Garrison og McCoy Tyner. Han heldt fram med å spele med Coltrane til 1966. Samspelet med Coltrane har av mange vorte sett på som ei redefinering av swing (den rytmiske jazzkjensla), på same måte som Louis Armstrong gjorde det i jazzen sin barndom.

Etter samarbeidet med Coltrane byrja han å spele med Duke Ellington. Etter kvart danna han sitt eige turnéband, Jazz Machine, som normalt ein kvintett, og heldt fram i den same musikalske retninga. Sansen for timing, polyrytmikk, dynamikk, klang og legato-frasering, og det enorme lydvolumet han produserte, fekk trommesettet i framgrunnen.

Jones underviste regelmessig og spela på skular og i fengsel. Undervisningen bestod av både trommeteknikk og musikkhistorie. Han døydde av hjartesvikt i Englewood, New Jersey 18. mai 2004.

Diskografi i utval endre

Med Sonny Rollins endre

  • Live At The Village Vanguard
  • East Broadway Rundown

Med John Coltrane endre

  • My Favorite Things
  • Coltrane's Sound
  • Impressions
  • Ole
  • Coltrane Plays The Blues
  • Africa Brass
  • Live At The Village Vanguard
  • Live At Birdland
  • Coltrane
  • A Love Supreme
  • Selflessness Featuring My Favorite Things
  • Ascension
  • Sun Ship
  • Expression
  • First Meditations
  • Meditations

Med McCoy Tyner endre

  • Plays Duke Ellington
  • The Real McCoy

Med Wayne Shorter endre

  • Night Dreamer
  • Juju
  • Speak No Evil

Eige band endre

  • Puttin' It Together
  • The Ultimate
  • Polycurrents
  • Live At The Light House
  • Genesis
  • Heavy Sounds (saman med Richard Davis)

Noregsbesøk endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elvin Jones