Basspedalar

(Omdirigert frå Basspedal)

Basspedalar er eit elektrisk musikkinstrument med fotstyrte pedalklaviatur med ei rekkjevidde på ein eller fleire oktavar. Dei første basspedalane frå 1970-åra bestod av eit pedalbrett og ein tonegenerator frå ein analog synthesizer pakka saman som ei eining. Basspedalane er plugga inn i ein bassforsterkar eller eit PA-system slik at lyden kan høyrast. Sidan 1990-åra har basspedalar vanlegvis vore nytta som MIDI-kontrollørar knytte til ein MIDI-kompatibel datamaskin, elektronisk synthesizer eller synthmodul for å skape musikalske tonar.

Eit EKO K1-basspedal-brett frå 1970-åra.

Basspedalar tener same funksjon som pedalbrettet på eit pipeorgel eller elektrisk orgel, og skapar vanlegvis lydar i bassregisteret, som i orgelterminologi er 16'-pipa. Somme basspedalar har ein 8'-pipe (ein oktav høgare) som kan nyttast på eigahand eller kombinert med 16'-pipa. Basspedalar vert brukt av klaverspelarar for å utfylle det handspelte klaverinstrumentet, eller musikarar som speler andre instrument (til dømes elektrisk bass eller elektrisk gitar) eller heilt på eiga hand. Basspedaleiningar har vanlegvis mindre rekkjevidd (13 notar) enn pedalklaviaturet på eit kyrkjeorgel (som ofte er 32 pedalar). Basspedalar med større rekkjevidd er uvanleg, men finst, som 17 notar (C til E), 20 notar (C til G) og 25 notar (C til C to oktavar over). I tillegg har basspedalar vanlegvis kortare pedalar enn dei ein finn på eit kyrkjeorgel.

Eit tidleg og populært basspedalapparat var Moog Taurus. Fleire rockegrupper brukte basspedalar, som The Doors, Yes, Genesis, Van der Graaf Generator, Led Zeppelin, Rush, U2 og The Police.

KjelderEndra