Bandet Yes

(Omdirigert frå Yes)

Yes er eit engelsk rockeband som har oppnådd suksess over heile verda med ei blanding av progressiv rock, kunstrock og symfonisk rock. Dei vert rekna som ein av pionerane innan progressiv rock og er kjend for dei lange songane, mystiske tekstane, utførlege plateomslaga og sceneshowa sine. Sytten musikarar har vore medlem av bandet gjennom historia deira og består i dag av songar Jon Davison, bassist Chris Squire, gitarist Steve Howe, trommeslagar Alan White og klaverspelar Geoff Downes. Yes har seld 13,5 millionar plater i USA.[1]

Yes

Yes i 1977
Venstre til høgre: Steve Howe, Alan White, Jon Anderson, Chris Squire, Rick Wakeman
OpphavLondon i England
Aktiv1968–1981
1982–2004
2008 til i dag
SjangerProgressiv rock, symfonisk rock, kunstrock, psykedelisk rock, poprock
Tilknytte artistarThe Syn, Flash, King Crimson, The Buggles, Anderson Bruford Wakeman Howe, Cinema, XYZ, Asia, Moraz/Bruford, GTR, Conspiracy, Circa, Yoso, Mystery
PlateselskapAtlantic, Atco, Arista, Victory, Sanctuary, Eagle, Frontiers
MedlemmerChris Squire
Steve Howe
Alan White
Geoff Downes
Jon Davison
Tidlegare medlemmerSjå Bandmedlemmar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Yes vart danna i 1968 av Squire og songar Jon Anderson, og med i den første besetninga var òg gitarist Peter Banks, klaverspelar Tony Kaye og trommeslagar Bill Bruford, som gav ut to album i lag til lunken mottaking og sal. Yes slo igjennom med The Yes Album (1971) og Fragile (1971), med Howe og Rick Wakeman som nye medlemmar. Dei fekk ytterlegare suksess med Close to the Edge (1972) og Tales from Topographic Oceans (1973), sistnemnde med White på trommer. Wakeman vart erstatta av Patrick Moraz, som spelte på Relayer (1974). Wakeman kom attande på Going for the One (1977) og Tormato (1978). Anderson og Wakeman forlet gruppa på grunn av musikalske usemjer med resten av bandet i 1980. Erstatningane deira, Trevor Horn og Downes, spelte på Drama (1980) og den påfølgjande turneen.

Yes vart attforeing i 1982 med Squire og White saman med Anderson og Kaye, i tillegg til gitarist Trevor Rabin. Dei starta å spele poprock og gav ut den store hitten «Owner of a Lonely Heart» og albumet 90125 (1983), det bestseljande albumet deira, etterfølgd av Big Generator (1987). Anderson forlet bandet og starta sideprosjektet Anderson Bruford Wakeman Howe med dei nemnde medlemmane i 1989. Etter ein rettstrid mellom medlemmane i begge Yes-gruppene, gjekk dei alle saman til eit åttemannsband og spelte inn Union (1991) og ein påfølgjande turné. Rabin og Kaye var med på Talk (1994) før dei forlet bandet, medan Wakeman og Howe kom attende på Keys to Ascension (1996) og Keys to Ascension 2 (1997). Wakeman vart erstatta av Igor Khoroshev, som er med på Open Your Eyes (1997) og The Ladder (1999) i lag med gitarist Billy Sherwood. Utgjevinga av Magnification (2001) var det første albumet deira sidan 1970 med orkester.

I 2002 kom Wakeman attende til bandet i for 35-årsjubileumsturneen deira. Bandet gav seg med turnelivet i 2004, delvis på grunn av helsa til Anderson og Wakeman. Etter ein pause vart Yes starta opp att i 2008 med klaverspelar Oliver Wakeman og songar Benoît David.[2] Etter utgjevinga av Fly from Here (2011) tok bandet inn Jon Davison, songar i Glass Hammer, eit progrockband frå Chattanooga i Tennessee, for å erstatte David.[3] Yes er framleis aktive i dag, meir enn 40 år etter dei vart danna.[4]

Historie endre

Danninga og dei første tre albuma (1968–1971) endre

Yes vart danna i 1968 av vokalist Jon Anderson og bassist Chris Squire.[5] Anderson var medlem av The Warriors med broren Tony, og hadde spelt på singlane under psevdonymet Hans Christian.[6] Squire var ein del av The Syn, og brukte tid på å utvikle bassteknikken sin etter at bandet vart oppløyst i 1967. Han danna Mabel Greer's Toyshop i januar 1968 som bestod av songar og gitarist Clive Bailey, trommeslagar Bob Hagger og tidlegare Syn-gitarist Peter Banks.[7] Dei spelte på klubben The Marquee i Soho der Jack Barrie, eigaren av den nærliggande klubben La Chasse, såg dei spele. «Det var ikkje noko merkverdig med dei...dei var gode musikarar, men det var ikkje tydeleg at dei var på veg til noko stort».[8] Barrie introduserte Squire for Anderson ved La Chasse, der dei fann felles interesse i band som Simon & Garfunkel og harmonisynging. Same kvelden skreiv dei «Sweetness» heime hos Squire, som var med på det første Yes-albumet.[9] Banks forlet Mabel Greer's Toyshop for å bli med Neat Change, men Squire inviterte han attende til ei attforeint gruppe etter at Bailey drog sin veg, i tillegg til at dei hadde fått Anderson på vokal.[7] Hagger vart erstatta av Bill Bruford, ein jazz-tilhengjar som hadde sett inn ei annonse i Melody Maker.[7][10] Bruford møtte først bandet den 7. juni 1968 og spelte den dagen på Rachel McMillan College i Deptford.[11] Organisten og pianisten Tony Kaye, som hadde vore i Johnny Taylor's Star Combo og The Federals, var det femte og siste medlemmet som vart med i bandet.[12]

Med besetninga komplett vart Mabel Greer's Toyshop kalla Yes etter forslag frå Banks.[7] Dei øvde i kjellaren i kafeen The Lucky Horseshoe på Shaftesbury Avenue mellom 10. juni og 9. juli 1968.[13][14][15] Den første konserten som Yes vart halden 4. august i East Mersea Youth Camp i Essex. Dei første konsertane bestod av coverversjonar av songane til artistar som The Beatles, The 5th Dimension og Traffic. «Det var litt av nokre versjonar, med fullstendig Yes-handsaming! Me arrangerte ikkje berre songar - me hylla dei med mykje entusiasme», sa Banks.[16] Den 16. september 1968 spelte Yes på klubben Blaise i London som erstatning for Sly & the Family Stone, som ikkje møtte opp. Dei vart godt tekne imot av publikum, inkludert verten Roy Flynn, som vart manageren til bandet den kvelden.[17] Dei spelte kort tid etter på The Marquee, men Bruford forlet bandet i september for å studere ved Leeds University.[18] Han vart erstatta av Tony O'Riley frå The Koobas, som strevde med å spele med gruppa på konsertane deira.[18] Anderson og Squire bad Bruford om å vende attende, som etter å ha blitt nekta eit friår, vart medlem av Yes att då dei fekk spele på farvellturneen til Cream ved Royal Albert Hall den 26. november 1968.[18]

 
Jon Anderson

Tidleg i 1969 signerte Yes ein avtale med Atlantic Records. Debutalbumet kom ut i august,[19] og inkluderte ei utgåve av «Every Little Thing» av The Beatles og «I See You» av The Byrds, samt originale songar. Lester Bangs gav albumet positiv omtale i Rolling Stone, og «likte stilen, smaken og finurlegheita» på plata. Journalist i Melody Maker, Tony Wilson, valde ut Yes og Led Zeppelin som banda som «mest truleg kom til å lukkast».[20] Etter ein turné i Skandinavia med The Small Faces i februar 1970, spelte Yes den første større solokonserten sin i Queen Elizabeth Hall i London den 21. mars. Den andre halvdelen av konserten bestod av utdrag frå det komande albumet deira, Time and a Word, der dei hadde med seg eit 20 mann stort ungdomsorkester.[21] Albumet kom ut i juli 1970,[19] og orkester spelte i lag med bandet på songane til bandet, samt to coverversjonar - «Everydays» av Buffalo Springfield og «No Opportunity Necessary, No Experience Needed» av Richie Havens. Peter Banks, som var misnøgd med at bandet nytta orkester og at Roy Flynn hadde fått sparken tidlegare på året, forlet bandet før albumet kom ut 2. mai 1970.[22] Erstatninga til Banks var Tomorrow-gitarist Steve Howe, som vart med på plateomslaget til den amerikanske utgåva av Time and a Word, trass i at han ikkje spelte på albumet. Albumet nådde 45. plass i Storbritannia og Howe spelte den første konserten sin med Yes den 15. juli i Lyceum Theatre i London.[23]

The Yes Album, det tredje albumet til bandet, kom ut i januar 1971. Det var det første albumet med songar utelukkande laga av bandet. Songane vart skrivne og øvde inn i eit gardshus i Devon. Howe vart raskt ein viktig del av stilen til Yes, og spelte fleire forskjellige instrument som ein spanske laúd. The Yes Album var òg det første albumet med produsent og lydteknikar Eddie Offord, som arbeidde med bandet i lang tid. I følgje Offord varte innspelingane i 12 timar eller meir. Kvart spor vart sett saman av små delar, som typisk var 30 sekund til eitt minutt lange, og som så vart sett i saman til eit heilt stykke. Først etter den endelege miksen av kvart spor kunne bandet lære songane for å spele dei på konsertane sine.[24] The Yes Album nådde fjerdeplass i Storbritannia og 40. plass i USA. For å marknadsføre albumet la Yes ut på ein 28 dagar lang turné i Europa med Iron Butterfly i januar 1971.[25] Bandet kjøpte heile høgtalaranlegget til Iron Butterfly, og dei fekk slik betre lyd og kunne halde betre konsertar.[26] Den første konserten deira i Nord-Amerika følgde den 24. juni 1971 ved Edmonton Gardens i Edmonton i Alberta, som oppvarming for Jethro Tull.[27] Tony Kaye spelte den siste konserten sin med Yes ved Crystal Palace Bowl i august det året. Avgjersla kom etter gnissingar mellom han sjølv og Howe på turneen,[28] og fordi han var motvillig til å spele Mellotron og Minimoog synthesiser.

Fragile, Close to the Edge og Topographic Oceans (1971–1974) endre

 
Roger Dean har designa dei fleste plateomslaget til Yes sidan 1971.

Då Kaye forlet bandet hadde Yes alt funne ein ny klaverspelar – Rick Wakeman, ein klassisk opplært musikar som hadde forlate folkrockgruppa Strawbs tidlegare på året. Han var alt ein kjend studiomusikar og hadde spelt for mellom andre T. Rex, David Bowie, Cat Stevens og Elton John. Squire kommenterte at han kunne spele «piano i tre taktar, ein mellotron i to taktar og så ein Moog for den neste takten, nesten på direkten»,[29] noko som gav Yes ein orkester- og kortekstur som høvde godt inn med dei nye songane deira.

Den 26. november 1971 kom det fjerde albumet til bandet, Fragile der dei synte ein aukande interesse for strukturane i klassisk musikk, med eit utdrag av Eldfuglen av Igor Stravinskij som hadde vorte spelt i starten av konsertane deira sidan 1971-1972-turneen.[30] Kvart medlem spelte eit solospor på albumet, og det markerte starten på eit langt samarbeid med kunstnaren Roger Dean, som laga bandlogoen deira, plateomsmlaga og scenekulissane. Fragile nådde sjuandeplassen i Storbritannia og fjerdeplassen i USA.[31] etter det kom ut der i januar 1972, og vart det første albumet deira som nådde topp ti i Nord-Amerika. Opningssporet «Roundabout», vart gjeve ut som ein forkorta singel og nådde 13. plass på den amerikanske singellista.[32] I februar 1972 spelte Yes inn ein versjon av «America» av Paul Simon. Singelen nådde 46. plass på den amerikanske singellista.[33] Songen vart sidan gjeven ut på The New Age of Atlantic, eit samlealbum med fleire band som hadde kontrakt med Atlantic Records.

Close to the Edge kom ut i september 1972 og var det femte albumet ti lbandet, og det mest ambisiøse albumet deira til då. Med ei lengd på 19 minuttar tok tittelsporet heile den eine vinylsida og kombinerte element av klassisk musikk, psykedelisk rock, pop og jazz. Albumet nådde tredjeplassen i USA[31] og fjerdeplassen i Storbritannia.[34] «And You and I» vart gjeve ut som singel og nådde 42. plass i USA.[33] Suksessen bandet no hadde var ikkje nok til å halde på Bruford, som forlet Yes sommaren 1972, før albumet kom ut, for å bli med i King Crimson. Erstattaren hans var tidlegare Plastic Ono Band-trommis Alan White, ein ven av Anderson og Offord som hadde spelt med bandet ein gong nokre veker før Bruford forlet bandet.[35] White lærte seg setlista til bandet i løpet av tre dagar før dei drog ut på 1972-1973-turneen. Yes var no verdskjend og hadde stor suksess både på salslistene og hos kritikarane. Konsertopptak med White vart gjeve ut som Yessongs, eit trippelt konsertalbum som kom ut i mai 1973. Albumet nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 12. plass i USA.[31][36] Ein konsertfilm med same namn hadde premiere i 1974[37] og synte konserten deira i Rainbow Theatre i desember 1972, med ekstra psykedeliske visuelle bilete og effektar.

Tales from Topographic Oceans var det sjette studioalbumet til bandet, som kom ut 14. desember 1973. Bandet spelte heile stykket i The Rainbow Theatre før dei gav ut albumet. Det markerte ei endring for bandet og splitta både tilhengjarar og kritikarar. Den doble plata var basert på Anderson si tolking av shastriske skrifter frå ein fotnote i boka til Paramahansa Yogananda, Autobiography of a Yogi. Albumet vart den første plata i Storbritannia som selde til gull før plata nådde fram til butikkane.[38] Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia, der det låg i to veker, og sjetteplassen i USA,[31] og vart det fjerde albumet til bandet på rad som selde til gullplate. Wakeman var ikkje nøgd med plata og var kritisk til mykje av det.[39] Han følte at enkelte delar var «forblødd» og at det var for mykje musikalsk fyll. Wakeman forlet bandet etter 1973-1974-turneen, og soloalbumet hans Journey to the Centre of the Earth toppa den britiske albumlista i mai 1974.[40]

Relayer, Going for the One og Tormato (1974–1979) endre

Fleire musikarar prøvespelte for å ta over for Wakeman, inkludert tidlegare Atlantis- og Cat Stevens-keyboardist Jean Roussel, Eddie Jobson og den greske musikaren Vangelis Papathanassiou, tidlegare frå Aphrodite's Child og som seinare som Vangelis arbeidde med Anderson som Jon and Vangelis i 1980-åra. Erstattaren vart den sveitsiske klaverspelaren Patrick Moraz, ein særeigen elektrisk-jazz-musikar som tidlegare hadde spelt i trioen Refugee, i lag med to tidlegare medlemmar frå The Nice. Moraz kom inn under innspelinga av Relayer, det sjuande albumet til bandet. Han passa godt inn i den jazz-fusion-aktige retninga bandet drog i på denne plata. Det kom ut i november 1974 og nok ein gong tok eit enkelt stykke opp ei heil plateside, eit kosmisk slag som opphavleg var inspirert av Tolstoj sin Krig og fred kalla «The Gates of Delirium». Avslutningsdelen «Soon», vart sidan gjeven ut som singel. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia og femteplassen i USA.[31][41] Frå 1974 til 1975 la Yes ut på ein verdsturné for å marknadsføre Relayer etterfølgd av ein turné i Nord-Amerika i 1976, før kvart medlem gav ut eit soloalbum. Ingen av soloalbuma selde særleg bra (samla sett selde dei langt mindre enn nokre av Yes-albuma på denne tida[42]), men Squire sitt Fish Out of Water vart hylla i musikkpressa. Eit samlealbum kalla Yesterdays kom ut i 1975 med musikk frå dei to første albuma deira, og songen «Dear father», som ikkje tidlegare var gjeven ut, frå innspelinga av Time And a Word.

 
Yes i Oslo i november 1977.

Innspelinga av Going for the One, det åttande albumet til bandet, starta seint i 1976. Wakeman kom attende i Yes etter ein periode med forhandlingar som «studiomusikar». Han likte dei nye songane til bandet. Moraz fekk sparken, sjølv om han er i takkelista på plateomslaget til plata. Albumet kom ut i juli 1977, og Going for the One toppa den britiske albumlista i to veker og nådde åttandeplassen i USA.[31][43] «Wonderous Stories» vart gjeven ut som singel i Storbritannia og nådde sjuandeplassen på singellista i september.[43] Going for the One var òg det første albumet utan plateomslag av Roger Dean sidan The Yes Album, sjølv om Yes-logoen, designa av Dean, framleis vart nytta. Hipgnosis laga dette plateomslaget. Bandet la ut på turné mellom juli og september 1977 for å marknadsføre albumet.

Den 20. september 1978 kom Tormato, då punkrockbølgja var på sitt største i England. Musikkpressa kritiserte på denne tida ofte Yes som representantar for den oppsvulma musikken som prega progressiv rock i 1970-åra. Albumet bestod av kortare songar, spelt med ei tettare rockekjensle som stundom nærma seg New Wave-stilen. Det var tydeleg at Yes var i ferd med å endre visse aspekt av stilen sin. Wakeman erstatta mellotronane sine med ein Birotron, og Squire eksperimenterte med harmoniserarar og Mu-tron-pedalar. Bandet har sagt at dei var usikre på nokre av songane på albumet. Denne mangelen på fokus strekte seg inn i produksjonsstilen. Albumet vart produsert av heile bandet i lag og dei vart usamde under miksinga. Hipgnosis lagde igjen plateomslaget. Albumet nådde åttandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i USA.[31] Trass i indre og ytre kritikk av albumet, la dei ut på ein suksessrik turné i 1978 og 1979, som omfatta ein sentral, roterande scene og eit sirkulært lydsystem over scenen.

I oktober 1979 drog bandet til Paris med produsent Roy Thomas Baker. Dei varierte tilnærmingsmetodane deira enda no med splitting der Anderson og Wakeman føretrekte ein meit fantastisk og delikat tilnærming, medan resten av bandet føretrekte ein tyngre rockestil. I 1980 mislikte Howe, Squire og White alt Anderson kom med av songar, sida dei meinte dei var for lette og mangla tyngda dei skapte i sine eigne songar. Paris-innspelinga endra brått i desember då White braut foten på rulleskeiser. Då bandet kom att for å planlegge kva dei no skulle gjere, førte til veksande musikalske skilnadane og kranglinga til at Anderson forlet Yes i mai. Wakeman forlet bandet kort tid etter då han meinte at bandet ikkje ville klare seg utan hovudvokalisten sin.

Drama og oppløysing (1980–1981) endre

I 1980 vart popduoen The Buggles danna av klaverspelar Geoffrey Downes og songar Trevor Horn med Brian Lane som manager. Paret fekk ein stor hit med singelen «Video Killed the Radio Star» og arbeidde på det same kontoret som Yes. Duoen hadde alt ein song kalla «We Can Fly From Here», som dei hadde skriven med tanke på Yes. Til si overrasking vart dei inviterte til å bli med i Yes som fulltidsmedlemmar. Dei tok i mot invitasjonen og var med på albumet Drama i 1980. Plata synte ein tyngre, hardare stil enn songane som Yes hadde spelt inn med Anderson i 1979, og opna med den lange hardrocksongen «Machine Messiah». Albumet nådde andreplassen i Storbritannia og 18. plass i USA.[31] Turneen deira i 1980 i Nord-Amerika og Storbritannia fekk blanda mottaking hos publikum. Konsertane gjekk godt i USA, og dei fekk eit diplom då dei sette rekord med å spele 16 påfølgjande utselde konsertar i Madison Square Garden sidan 1974.[44]

Etter Drama-turneen vendte Yes attende til England for å planlegge neste steg. Dei sa opp Lane som manager og Horn valde å starte ein karriere som plateprodusent. White og Squire forlet så bandet, og berre Downes og Howe var att. Dei valde å ikkje halde fram med gruppa og gjekk kvar sin veg i desember 1980. Ei samleplate med konsertopptak frå 1976 til 1978 kom ut som Yesshows og nådde 22. plass i Storbritannia og 43. plass i USA.[31]

Det kom ei melding frå styret til gruppa i mars 1981 som stadfesta at Yes var oppløyst. Downes og Howe starta Asia i lag med tidlegare King Crimson-bassist og vokalist John Wetton, og trommeslagar Carl Palmer frå Emerson, Lake, and Palmer. Squire og White heldt fram å arbeide i lag, først i studio med Jimmy Page for eit føreslått band kalla XYZ (forkorting for «ex-Yes-and-Zeppelin»). Den tidlegare bandkollegaen til Page, Robert Plant, var òg involvert som vokalist, men mista entusiasmen då han framleis sørgde over den nyleg omkomne Led Zeppelin-trommeslagaren John Bonham. Gruppa spelte inn nokre få demospor, element som kom med i Page-bandet The Firm og dei framtidige Yes-songane «Mind Drive» og «Can You Imagine?». I 1981 gav Squire og White ut «Run With the Fox», ein julesingel med Squire på vokal og med tekst av Peter Sinfield, som vart mykje spelt på radio i juletida i 1980-åra og tidleg i 1990-åra. Eit nytt samlealbum med Yes, Classic Yes, kom ut i november 1981.

90125 og Big Generator (1982–1988) endre

I 1982 slo Squire og White seg saman med den sørafrikanske gitaristen og songaren Trevor Rabin i eit nytt band kalla Cinema. Rabin vart kjend med bandet Rabbitt, og gav så ut tre soloalbum, og arbeidde som plateprodusent og var ei kort stund med i ei tidleg utgåve av Asia. Squire tok òg inn ein annan tidlegare Yes-musikar, Tony Kaye, på tangentinstrument. Sjølv om det var tre Yes-musikarar med i bandet, var ikkje Cinema meint som eit framhald av Yes.

Cinema gjekk så i studio for å spele inn eit album. Sjølv om Rabin og Squire først delte vokalen, vart Trevor Horn ført inn i prosjektet som ein potensiell songar,[45] men rollene vart etter kvart endra og han vart produsent for bandet. Horn polerte songane til bandet med moderne studioeffektar og digital sampling ved hjelp av Fairlight CMI og spelte ei viktig rolle i vokalarrangementa (i tillegg til at han medverka med korvokal). Krangling med Tony Kaye, samt at Rabin spelte det meste av tangentinstrumenta under innspelinga, førte til at Kaye forlet bandet etter kring seks månader.[45]

Samstundes gav Jon Anderson ut to soloalbum og hadde oppnådd suksess med Jon and Vangelis-prosjektet. Squire møtte Anderson på ein fest i Los Angeles, og spelte for han demospor frå Cinema, og inviterte han så inn i bandet som vokalist. Anderson vart med i prosjektet dei siste vekene av innspelinga, og hadde liten innverknad på prosessen, utanom å legge til vokal og skrive om enkelte tekstar.

Etter forslag frå plateselskapet deira, endra Cinema namn til Yes. Rabin var opphavleg imot dette, sidan han no forstod at han hadde vorte med i eit gjenforeint band med ei historie og forventningar, i staden for å vere med å lansere eit nytt band.[46] Med fire tidlegare Yes-medlemmar i bandet (tre av dei med frå starten av, inkludert den særeigne songaren deira) indikerte namneendringa at det var ein kommersiell strategi. Det nye albumet markerte ei markant stilendring for Yes, som hadde byrha å spele poprock med få spor av dei progressive røtene sine. Denne inkarnasjonen av bandet har stundom uformelt vorte kalla «Yes-West», og synte til at bandet hadde base i Los Angeles i staden for London.

Yes gav ut comebackalbumet 90125 (kalla opp etter serienummeret på Atco Records) i november 1983. Det vart det bestseljande albumet deira med over seks millionar eksemplar, og introduserte bandet for yngre fans. «Owner of a Lonely Heart» toppa Hot Mainstream Rock Tracks-lista i fire veker og nådde førsteplassen på den amerikanske singellista, den første og einaste Yes-singelen som klarte dette.[33] Han låg på toppen i to veker i januar 1984. Kaye sin kortvarige erstatning på tangentinstrument, Eddie Jobson, er med i den originale videoen, men vart editert bort så mykje som mogeleg då Kaye vart overtalt om å kome attende til bandet.

I 1984 nådde singlane «Leave It» og «It Can Happen» høvesvis 24. og 57. plass på den amerikanske singellista.[33] Yes fekk òg den første og einaste Grammy-prisen for «Beste rockeinstrument» i 1985 for «Cinema».[47] Dei vart òg nominert i kategorien «Best Pop Performance by a Duo or Group With Vocal» med «Owner of a Lonely Heart» og «Best Rock Performance by a Duo or Group with Vokal» med 90125.[48] Turneen deira i 1984-1985 var den mest lukrative i bandhistoria og vart dokumentert med 9012Live, ein konsertfilm regissert av Steven Soderbergh med spesialeffektar frå Charlex som kosta $1 million.[49] Yes gav ut mini-LPen 9012Live: The Solos i 1985, og Yes vart igjen nominert for Grammy-prisen for «Best Rock Instrumental Performance» for Squire sitt solospor, ei utgåve av «Amazing Grace».[50]

Yes starta innspelinga av det tolvte albumet sitt, Big Generator, i 1986. Det var mange start og stopp i innspelinga fordi dei spelte inn mange stader i Italia, London og Los Angeles, samt problem mellom Rabin og Horn. Til slutt tok Rabin over produksjonen, og albumet vart gjeve ut i september 1987. Det nådde då 17. plass i Storbritannia og 15. plass i USA.[31] Big Generator gav Yes ein Grammy-nominasjon for «Best Rock Performance by a Duo or Group with Vokal» i 1988.[51] Singelen «Love Will Find a Way» toppa Mainstream Rock-lista i USA, medan «Rhythm of Love» nådde andreplassen og «Shoot High, Aim Low» 11. plass.[31] Turneen i 1987-1988 enda med ein konsert i Madison Square Garden som ein del av 40-årsjubieleet til Atlantic Records.

Anderson Bruford Wakeman Howe og Union (1989–1992) endre

Mot slutten av 1988 følte Anderson at han vart sett på sida av Rabin og Squire og hadde vorte lei den musikalske retninga til «Yes West»-besetninga. Han tok ein pause frå bandet, og sa at han aldri ville bli Yes berre for pengane si skuld, og starta å arbeide på eit soloprosjekt i Montserrat som etter kvart involverte Wakeman, Howe og Bruford. Dette samarbeidet førte til eit forslag om ei slags gjenforeining av det «klassiske» Yes, sjølv om prosjektet frå starten av hadde inkludert bassist Tony Levin, som Bruford hadde arbeidd med i King Crimson. Kontraktane gjorde det umogeleg for å dette prosjektet å ta over eller på noko anna måte nytte Yes-namnet sidan Anderson, Squire, White, Kaye og Rabin hadde rettane ti lnamnet. Gruppa vart derfor kalla Anderson Bruford Wakeman Howe, som passa Bruford sidan han ønskte å distansere seg frå Yes-namnet.

Albumet deira kom ut i 1989 og «Brother of Mine» vart ein hit på MTV og selde til gullplate i USA. Det kom sidan fram at dei fire medlemmane ikkje hadde spelt alt i lag. Anderson og produsent Chris Kimsey sette sine delar inn. Howe har offentleg sagt at han mislikte miksen av gitarane hans på albumet, sjølv om ein versjon av «Fist of Fire» med fleire av gitarane til Howe, vart verande urørt då det kom ut i plateboksen In a Word i 2002. ABWH turnerte i 1989 og 1990 som «An Evening of Yes Music» medLevin, klaverspelar Julian Colbeck og gitarist Milton McDonald som ekstra musikarar. Eit kosnertalbum kom ut i 1993 kalla An Evening of Yes Music Plus med Jeff Berlin på bass fordi Levin var sjuk under innspelinga. Turneen førte òg søksmål frå Atlantic Records sidan bandet refererte til Yes i marknadsføringa og i turnénamnet.

Etter turneen gjekk gruppa i studio att for å produsere det neste albumet sitt, som skulle få namnet Dialouge. Etter å ha lytta gjennom songane nekta Arista Records å gje ut albumet, sidan dei førte det var for svakt. Dei oppfordra gruppa til å søke låtskrivarar utanfor bandet, forhåpentlegvis nokon som kunne gje dei ein hitsingel. Anderson tok kontakt med Rabin, og Rabin sendte Anderson ein demo med fire songar, og sa at ABWH kunne ta ein av dei. Arista lytta til alle fire og ønskte alle, men Rabin gjekk ikkje med på dette. «Yes-West»-gruppa arbeidde på ein oppfølgjar til Big Generator og hadde leita etter ein ny songar. Tidlegare Supertramp-vokalist Roger Hodgson hadde avvist stillinga, sjølv om han hadde likt å arbeide og skrive med gruppa. Han syns derimot ikkje det høvde seg å kalle musikken dei skapte for «Yes». Bandet hadde òg arbeidd med Kansas-songar Steve Walsh[45] og med Billy Sherwood frå World Trade, sjølv om førstnemnde berre arbeidde ein dag med Yes. Sherwood fortsette derimot med bandet. Arista foreslo at «Yes-West»-gruppa, med Anderson på vokal, spelte inn dei fire songane til det nye albumet, som så skulle gjevast ut som eit Yes-album.

Union kom ut i april 1991 og er det trettande studioalbumet til Yes. Kvar gruppe laga sine eigne songar, og Anderson syng på alle saman. Squire song korvokal på eit par av ABWH-songane, og Tony Levin spelte bass på desse. Dei åtte medlemmane spelar ikkje på nokre av songane samstundes. Songen «Masquerade» vart nominert til ein Grammy for «Best Rock Instrumental Performance» i 1992.[52] Union selde om lag 1,5 millionar eksemplar på verdsbasis og nådde sjuande plass i Storbritannia og 15. plass i USA.[31] Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet. «Lift Me Up» toppa Mainstream Rock-lista i mai 1991 for seks veker, medan «Saving My Heart» nådde 9. plass og «Make It Easy» 36. plass.[33]

Nesten heile bandet har sagt at dei mislikte Union. Bruford har kritisert heile albumet og Wakeman klarte visstnok ikkje å kjenne att noko av klaverspelet sitt i den endelege miksen og kasta kopien sin av albumet ut av limousinen sin. Han har sidan referert til albumet som «Onion» («løk») fordi han får tårer i augo når han tenker på det. Under turneen i 1991-1992 var alle dei åtte medlemmane med på ein roterande sirkelforma scene. Etter turneen var over slutta Bruford i bandet og gjekk attende til jazzprosjektet sitt Earthworks.

Talk og Keys to Ascension (1993–1997) endre

I 1993 kom albumet Symphonic Music of Yes med orkesterversjonar av Yes-songar arrangerte av David Palmer. Bruford og Anderson spelar på plata i lag med London Philharmonic Orchestra, English Chamber Orchestra og London Community Gospel Choir. Det neste Yes-abumet, som Union, vart driven fram av plateselskapet og ikkje så mykje bandet sjølv. Victory Music møtte Rabin med eit forslag om å lage eit album med 90125-besetninga. Rabin meinte derimot at Wakeman burde vere med. Rabin byrja å setje saman albumet heime hos seg sjølv, og nytta det då nyskapande digitale heimestudioet, og songar som han og Anderson hadde skrive. Det nye albumet var langt på veg i 1993, men Wakeman vart ikkje involvert, då kontrakten han hadde ville føre til store rettslege problem.

Talk kom ut i mars 1994 og er det 14. studioalbumet deira. Omslaget var laga av popkunstnaren Peter Max. Plata vart digitalt innspelt av Rabin på fire Apple Macintosh-maskinar som dreiv Digital Performer. Det vart blanda element av radiovenleg rock og ein meir strukturmessig ambisiøs progrockstil med den femten minuttar lange «Endless Dream». Albumet nådde 20. plass i Storbritannia og 33. plass i USA.[31] Songen «The Calling» nådde 2. plass på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks-lista og «Walls», som Rabin hadde skrive med Roger Hodgson, nådde 24. plass.[33] Yes spelte «Walls» på Late Show with David Letterman berre dagar inn i 1994-turneen deira, med Billy Sherwood som ekstra gitarist. Kaye og Rabin valde å forlate Yes etter turneen for å drive med andre prosjekt. Rabin vart sidan ein suksessrik filmmusikkomponist.

I november 1995 kom Wakeman og Howe tilbake i bandet og spelte på to nye songar, «Be the One» og «That, That Is». Bandet vart samla att for tre konsertar i mars 1996 i Fremont Theater i San Luis Obispo i California. Desse vart tekne opp og gjevne ut, i lag med nye studiosongar, i oktober det året som Keys to AscensionCMC International Records. Albumet nådde 48. plass i Storbritannia og 99. plass i USA.[31] Ein konsertvideo med same namn kom ut same året. Yes gjekk i studio og spelte inn nye songar. Dei var opphavleg meint for eit nytt album, men vart i staden gjeve ut i lag med fleire konsertopptak frå San Luis Obispo i november 1997 som Keys to Ascension 2. Plata nådde 62. plass i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på lista i USA.[31] Wakeman forlet gruppa etter albumet kom ut. Han var misnøgd med at eit potensielt nytt studioalbum hadde vorte skrinlagd til fordel for Keys to Ascension-utgjevingane, samt korleis Yes-turneane vart arrangerte utan at han fekk noko å seie. I 2001 vart studiomaterialet frå begge albuma gjevne ut på ein enkel CD som Keystudio.

Open Your Eyes og The Ladder (1997–2000) endre

 
Yes i juni 1998

Squire starta eit prosjekt kalla Conspiracy med Sherwood som inkluderte White. Dei to omarbeidde eksisterande Conspiracy-demoar og innspelingar for å gjere dei om til Yes-songar. Anderson og Howe var mindre involvert i skrivinga og produksjonen på dette stadiet og var misnøgd med situasjonen. Sidan Sherwood var kraftig involvert i låtskrivinga, produksjonen og framføringa av songane, vart han formelt fulltids Yes-medlem mot slutten av innspelingane, og tok rolla som korvokalist, klaverspelar og andregitarist.

Yes gav ut det 17. studioalbumet sitt, Open Your Eyes, i november 1997 på Beyond Music label, som sikra at gruppa hadde større kontroll over utgjevinga enn tidlegare. Albumet gjorde det heller dårleg og nådde 151. plass i USA[31] og gjekk ikkje inn på lista i det heile i Storbritannia. Singelen «Open Your Eyes» klarte å nå 33. plass på Mainstream Rock-lista.[33] Turneen i 1997 og 1998 bestod berre av få songar frå albumet, og bandet konsentrerte seg heller om eldre songar. Med seg på turneen hadde bandet den russiske klaverspelare Igor Khorosjov, som spelte på nokre songar på Open Your Eyes.

Khorosjov vart fulltidsmedlem for Yes på det 18. studioalbumet deira The Ladder, som kom ut i september 1999. Dette var det siste prosjektet plateprodusent Bruce Fairbairn før han døydde. Mange tilhengjarar av bandet meinte albumet minna om 1970-talsstilen til bandet, fordi Khorosjov hadde ei klassisk tilnærming til musikken, sjølv om White òg tok inn element av verdsmusikk med latinske arrangement, og med multi-instrumentalisten Randy Raine-Reusch som bidragsytar til lydbiletet. Rolla til Sherwood var avgrensa til korvokal og andregitarist. Ein av songane frå albumet, «Homeworld (The Ladder)», vart skriven for Relic Entertainment sitt Homeworld, eit sanntids strategi-videospel og vart nytta under byrjinga og avslutninga av spelet. The Ladder nådde 36. plass i Storbritannia og 99. plass i USA.[31]

Konserten ved House of Blues i Las Vegas under turneen i 1999 og 2000 vart filma og spelt inn for utgjeving på CD og DVD som House of Yes: Live from House of Blues. Dette vart det siste albumet til bandet med Sherwood, som forlet bandet etter turneen var over i 2000. Det året la bandet ut må den tre månader lange Masterworks-turneen i USA. Khoroshov forlet bandet då turneen var over.

Magnification, 35-årsjubileet og pause (2001–2008) endre

I 2001 gav Yes ut det 19. studioalbumet sitt Magnification. Det vart spelt inn utan ein klaverspelar og i staden vart det nytta eit 60 mann stort orkester dirigert av Larry Groupé. Det var første gongen bandet nytta eit orkester sidan Time and a Word i 1970. Plata nådde 71. plass i Storbritannia og 186. plass i USA.[31] Yes turnerte med eit symfoniorkester i 2001 og med Tom Brislin som klaverspelar, sidan Wakeman var oppteken med solokonsertar. Framføringa frå Amsterdam vart gjeven ut på DVD i 2002 og CD i 2009 som Symphonic Live.

Etter at Wakeman kom attende i bandet i april 2002, la Yes ut på Full Circle-turneen i 2002–2003 med dei første konsertane deira i Australia sidan 1973.[53] Det triple samlealbumet The Ultimate Yes: 35th Anniversary Collection kom ut i juli 2003 og nådde 10. plass i Storbritannia, den høgaste plasseringa deira i heimlandet sidan 1991, og 131. plass i USA. Den 26. januar 2004 hadde filmen Yesspeak premiere i utvalde kinosalar, etterfølgd av ein live akustisk konsert som vart gjeven ut som Yes Acoustic: Guaranteed No Hiss seinare. 35-årsjubileumsturneen kom i 2004 og vart gjeven ut på DVDen Songs from Tsongas.

Etter 35-årsjubileumsturneen i september 2004 vart Yes inaktive dei fire neste åra. Bandet kunne ikkje halde fram turneringa på grunn av den skrantande helsa til Anderson. Anderson var, i motsetnad til resten av bandet, heller ikkje interessert i å lage eit nytt studioalbum etter det dårlege salet av Magnification. Det vart planlagt ein 40-årsjubileumsturné i 2008 med Oliver Wakeman på klaverinstrument etter at faren hadde fått råd frå legane sine om å ikkje turnere. Turneen vart kansellert i mai 2008 då Anderson fekk eit astmaåtak.[54]

Benoît David, Fly from Here, Jon Davison and touring (2008 til i dag) endre

I 2008 vart Jon Anderson erstatta av den kanadiske songaren Benoît David frå den progressive rockegruppa Mystery og eit hyllestbandet for Yes kalla Close to the Edge. Anderson sa han følte seg «misnøgd» og at bandet var «respektlause» overfor han, då dei la ut på turné medan han sjølv var sjuk. Bandet la ut på In the Present-turneen i 2008-2010 med Oliver Wakeman på klaverinstrument. Turneen vart forkorta i februar 2009 då Squire måtte operere foten.[55] Turneen vart dokumentert med konsertalbumet og DVDen In the Present – Live from Lyon som kom ut i 2011.

Det 21. studioalbumet til bandet, Fly from Here, kom ut i juli 2011, som det første albumet deira sidan 2001.[56] Anderson song ikkje på albumet, og Oliver Wakeman vart erstatta av Geoff Downes. Bandet la ut på turné i Nord-Amerika i lag med Styx[4] og ein påfølgjande turné i Europa enda i desember.[57] Fly from Here nådde 30. plass i Storbritannia og 36. plass i USA.[31] Anderson var kritisk til albumet.

I februar 2010 vart David erstatta av Glass Hammer-vokalist Jon Davison etter at David fekk pusteproblem. Davison hadde òg tidlegare sunge i eit Yes-coverband.[58]

Diskografi endre

Bandmedlemmar endre

År Solovokal Gitar Tangentinstrument Bass Trommer
1968–1970 Jon Anderson Peter Banks Tony Kaye Chris Squire Bill Bruford
1970–1971 Steve Howe
1971–1972 Rick Wakeman
1972–1974 Alan White
1974–1976 Patrick Moraz
1976–1980 Rick Wakeman
1980–1981 Trevor Horn Geoff Downes
1981–1983 Gruppa oppløyst
1983–1989 Jon Anderson Trevor Rabin Tony Kaye
Trevor Rabin (berre studio)
Chris Squire Alan White
1990–1992 Trevor Rabin
Steve Howe
Tony Kaye
Rick Wakeman
Alan White
Bill Bruford
1993–1994 Trevor Rabin
Billy Sherwood (berre turné)
Tony Kaye
Trevor Rabin
Alan White
1995–1997 Steve Howe Rick Wakeman
1997 Steve Howe
Billy Sherwood
Billy Sherwood (berre studio)
1997–2000 Igor Khoroshev
2000 Steve Howe
2001–2002 Tom Brislin (berre turné)
2002–2004 Rick Wakeman
2004–2008 Pause
2008–2011 Benoît David Steve Howe Oliver Wakeman Chris Squire Alan White
2011–2012 Geoff Downes
2012 til i dag Jon Davison

Album-besetning endre

Album Yes Time and a Word The Yes Album Fragile Close to the Edge Tales From Topographic Oceans Relayer Going for the One Tormato Drama 90125 Big Generator Union Talk Keys to Ascension Keys to Ascension 2 Open Your Eyes The Ladder Magnification Fly From Here
Vokal Jon Anderson Trevor Horn Jon Anderson Benoît David
Gitar Peter Banks Steve Howe Trevor Rabin Steve Howe
Gitar 2 Steve Howe Billy Sherwood
Tangentinstrument Tony Kaye Rick Wakeman Patrick Moraz Rick Wakeman Geoff Downes Tony Kaye Rick Wakeman Igor Khoroshev Alan White Geoff Downes
Tangentinstrument 2 Trevor Rabin Rick Wakeman Trevor Rabin Igor Khoroshev Oliver Wakeman
Trommer Bill Bruford Alan White
Trommer 2 Bill Bruford
Bass Chris Squire

Merknad: Tony Levin spelte bass som studiomusikar under Union.

Bibliografi endre

Engelsk endre

  • Yes: The Authorized Biography, Dan Hedges, London, Sidgwick and Jackson Limited, 1981
  • Yes: But What Does It Mean?, Thomas Mosbø, Milton, a Wyndstar Book, 1994
  • Yesstories: Yes In Their Own Words, Tim Morse and Yes, St. Martin's Griffin Publishing, 15 mai 1996
  • Music of Yes: Structure and Vision in Progressiv rock, Bill Martin, Chicago e La Salle, Open Court, 1 november 1996
  • Close To the Edge – The Story Of Yes, Chris Welch, Omnibus Press, 1999/2003/2008
  • Beyond and Before: The Formative Years of Yes, Peter Banks & Billy James, Bentonville, Golden Treasure Publishing, 2001
  • Yes: Perpetual Change, David Watkinson and Rick Wakeman, Plexus Publishing, 1 november 2001
  • Yes: An Endless Dream Of '70s, '80s And '90s Rock Music, Stuart Chambers, Burnstown, General Store Publishing House, 2002
  • Yes Tales: An Unauthorized Biography Of Rock's Most Cosmic Band, Scott Robinson, in Limerick Form, Lincoln, Writers Club Press, iUnivers Inc., 2002
  • The Extraordinary World Of Yes, Alan Farley, Paperback, 2004
  • Bill Bruford: The Autobiography: Yes, King Crimson, Earthworks, and More, Bill Bruford, 6 mars 2009, Jawbone Press, London
  • Mountains Come Out of the Sky: The Illustrated History of Prog Rock, Will Romano, 1 november 2010

Kjelder endre

  1. «Top Selling Artists». RIAA. Henta 17. juli 2012. 
  2. «Jon Anderson out of Yes, replaced by tribute-band songar». Classicrockmagazine.com. Henta 17. juli 2012. 
  3. «Buzz Worthy: New Yes album 'Fly From Here' ready for release». Buzz Worthy. Henta 17. juli 2012. 
  4. 4,0 4,1 Mascali, Nikki M. «Affirmative action». theweekender.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 27. juli 2012. 
  5. Welch 2008, s. 3
  6. Welch 2008, s. 21–22.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Welch 2008, s. 33–34.
  8. Welch 2008, s. 23.
  9. Welch 2008, s. 24.
  10. Welch 2008, s. 37
  11. Welch 2008, s. 34–35.
  12. Welch 2008, s. 38
  13. Bruford, s. 35
  14. Welch 2008, s. 39
  15. Welch 2008, s. 44
  16. Welch 2008, s. 45
  17. Welch 2008, s. 50–51
  18. 18,0 18,1 18,2 Welch 2008, s. 52–53.
  19. 19,0 19,1 Welch 2008, s. 315
  20. Liner notes on Yes (1969)
  21. Welch 2008, s. 77
  22. Welch 2008, s. 80.
  23. Welch, 2008, s. 89
  24. Morse, Tim (2000). «Conversation with Eddy Offord». Notes From the Edge (www.nfte.org). Henta 17. juli 2012. 
  25. Welch 2008, s. 102
  26. Welch 2008, s. 104
  27. Bruford, s. 55
  28. Welch 2008, s. 109
  29. Squire, Chris. BBC broadcast of Sounding Out: Yes on 10 January 1972. 
  30. Yessongs track listing. Atlantic Records 1973.
  31. 31,00 31,01 31,02 31,03 31,04 31,05 31,06 31,07 31,08 31,09 31,10 31,11 31,12 31,13 31,14 31,15 31,16 31,17 31,18 «Yes Billboard Albums». Allmusic. Henta 17. juli 2012. 
  32. «Yes > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. Henta 17. juli 2012. 
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 33,5 33,6 «Yes Billboard Singles». Allmusic. Henta 17. juli 2012. 
  34. Welch 2008, s. 129
  35. «Yes's Alan White Exclusive Interview: Modern Drummer Magazine». Moderndrummer.com. Arkivert frå originalen 16. august 2011. Henta 17. juli 2012. 
  36. Welch 2008, s. 136
  37. Welch 2008, s. 146
  38. «Yes LP Breaks Ground in U.K.». Billboard. 15 desember 1973. s. 42. Henta 17. juli 2012. 
  39. «Yes, we were the original Spinal Tap, says Rick Wakeman of Seventies prog-rock supergroup». London Evening Standard. 17 august 2009. Henta 17. juli 2012. 
  40. «Number 1 Albums – 1970s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 17. juli 2012. 
  41. Welch 2008, s. 154
  42. Eder, Bruce. Emerson, Lake & Palmer: Works, Vol.1 reviewAllmusic. Henta 17. juli 2012.
  43. 43,0 43,1 Welch 2008, s. 166
  44. Welch 2008, s. 197
  45. 45,0 45,1 45,2 "Trevor Rabin – capturing adrenaline". Interview with Trevor Rabin in Innerviews websize by Anil Prasad, mai 2004
  46. «Web dedicada a la Música de Cine y Bandas Sonoras». ScoreMagacine.com. 22 september 2005. Henta 17. juli 2012. 
  47. «27th Annual Grammy Awards Final Nominations». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 97: 78. 26 januar 1985. ISSN 0006-2510. Henta 17. juli 2012. 
  48. «And What's Your Line On The Winners?». The Chicago Tribune. 22 februar 1985. Henta 17. juli 2012. 
  49. Morse, Steve (28 februar 1986). «GENESIS: PART-TIME SOLISTAR, PART-TIME BAND». Boston Globe. Henta 17. juli 2012. [daud lenkje]
  50. «29th Grammy Awards – 1987». Rock on the Net. Henta 17. juli 2012. 
  51. McShane, Larry (15 januar 1988). «Irish rockers among Grammy nominees». The Telegraph. Telegraph Publishing Company. 
  52. «Grammy Nominations Span Streisand, Seal, Seattle Symphony». The Seattle Times (The Seattle Times Company). 8 januar 1992. Henta 17. juli 2012. 
  53. «Billboard Spotlight: Yes 35th Anniversary». Billboard: 45–46, 48–50, 55–59. 1 november 2003. Henta 17. juli 2012. 
  54. «Ex-Yes Frontman Jon Anderson Opens Up About Getting Fired». Rolling Stone Music (www.rollingstone.com). Henta 17. juli 2012. 
  55. Westerly, Mal (12 februar 2009). «Prog Rockers YES Cancel Slate of Gigs». MusicNewsNet.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2009. Henta 17. juli 2012. 
  56. «Yes, Peter Frampton performing at Lucky Star Casino in Oklahoma». NewsOK.com. Henta 17. juli 2012. 
  57. Concert review: Yes at Birmingham Symphony Hall, Express & Star, 12 november 2011
  58. Cashmere, Paul. «EXCLUSIVE: Yes Recruit Another New Songar». Noise11. Henta 17. juli 2012. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre