Bathurstøya i Canada

(Omdirigert frå Bathurstøya i Nunavut)

Bathurstøya er ei av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada. Ho har ei flatevidd på 16042 kvadratkilometer. Ho ligg vest for Cornwallisøya og Devonøya, og aust for Melvilleøya. Øya er folketom.

Bathurstøya
øy
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 16 042 km²
Folketal 0
Kart
Bathurstøya i Canada
75°44′59″N 99°46′59″W / 75.749722222222°N 99.783055555556°W / 75.749722222222; -99.783055555556
Kartplassering av Bathurstøya
Kartplassering av Bathurstøya
Kartplassering av Bathurstøya
Wikimedia Commons: Bathurst Island, Canada

Natur

endre

Øya er lågtliggande, få stader ligg høgare enn 300 moh. Høgste punktet er 412 moh. og ligg på Stokesfjellet. Godt jordsmonn gir grunnlag for ein vegetasjon av lav, mose, gras og dvergbuskar, som ofte dannar vide våtmarker. Dyre- og fuglelivet er frodigare enn på andre øyar i det kanadiske Arktis. Om lag 30 fugleartar hekkar på øya, mest vadefugl. Mellom andre polarsymjesnipe og ringgås. Karibu finn rikeleg med næring, isbjørn er om sommaren på vandring over øya.

Polar Bear Pass National Wildlife Area ligg på øya, så vel som den føreslegne Tuktusiuqvialuk nasjonalpark.

Den magnetiske nordpolen på jorda kryssa i 1960-70-åra Bathurstøya i nordleg retning.

Historie

endre

Brooman Point på austkysten av Bathurstøya var kring år 1000 ein buplass for folk av Thulekulturen, rimelegvis ei tid med eit varmare klima. Bathurstøya vart kjend for europearar etter ho vart oppdaga av William Parry sin ekspedisjon i 1819. Denne kalla øya opp etter Storbritannias dåverande krigs- og koloniminister, Henry Bathurst.

Kjelder

endre