Batragruva
Batragruva er ei stor kromgruve sentralt i Albania i Dibër fylke, 40 km aust for hovudstaden, Tirana. Batra er ei av dei største kromførekomstane i Albania og Europa, og det er estimert at det finst 0,73 millionar tonn med malmgrad 38% krom.[1] Gruva er ein del av Bulqizë-massivet, eit 370 km² stort område med ein tjukkleik på 4-6 km og 65 stadfesta kromførekomstar.[1] Gruva er ned mot 1560 meter djup.[1]
Drifta av Batragruva starta i 1967 og hadde fram til 2006 produsert 5,5 millionar tonn krom.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Batra mine» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Chromium in Albania» (PDF). mete.gov.al. 2010. Arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2012. Henta 8. februar 2014.