Bulqizë
Bulqizë er ein by og kommune i regionen Dibër i Albania. Kommunen ligg i den nordlege delen av landet og grensar i sørvest til regionen Tirana og i sør til regionen Elbasan. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.
Bulqizë | |||
---|---|---|---|
Buallipasset med Bulqizë i bakgrunnen | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Dibër | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
679 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
31 210[1] | ||
Koordinatar | 41°29′32″N 20°13′10″E / 41.49222°N 20.21944°E | ||
Høgd over havet | 740 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://bulqiza.gov.al | |||
Plassering | |||
Bulqizë kommune innafor regionen Dibër |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bulqizë vart slått saman med landkommunane Martanesh, Fushë-Bulqizë, Zerqan, Shupenzë, Gjoricë, Ostren og Trebisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Bulqizë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Bulqizë 8 177 innbyggjarar, medan dei dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Bulqizë, til saman 31 210 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Bulqizë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Bulqizë og busetnadene:[2]
- Vajkal nr. 1
- Vajkal nr. 2