Battlefield Band
Battlefield Band var ei skotsk folkemusikkgruppe. Ho blei skipa i Glasgow i 1969, og har hatt fleire ulike medlemmar gjennom åra. I 2010 var det ingen att av dei opphavlege medlemmane i gruppa.
Battlefield Band | |||
| |||
Aktiv | 1969–2017 | ||
---|---|---|---|
Plateselskap | Temple Records |
Gruppa er kjend for å nytta sekkepipe i lag med andre, utradisjonelle instrument, som tangentfjøl, og for ei blanding av folkesongar og nytt materiale. Battlefield Band har turnert internasjonalt og opptredd i Europa, Australia, Asia, Midtausten og Nord-Amerika. Bandet har gjeve ut over 30 album.
Battlefield Band har samarbeidd med andre musikarar, som harpespelaren Alison Kinnaird.
Historie
endreBattlefield Band blei skipa i 1969 av fem studentar frå Strathclyde University (Brian McNeill, Jim Thomson, Alan Reid, Eddie Morgan og Sandra Lang, seinare kjend som krimforfattaren Alex Gray). Det tok namnet sitt frå distriktet Battlefield i Glasgow, der McNeill budde på den tida. Etter fleire besetningsendringar og eit album spelt inn for eit mindre bretonsk plateselskap, skreiv bandet kontrakt med Topic records og gav ut den offisielle, sjølvtitulerte debutalbumet sitt i 1977 med besetninga McNeill (fele, vokal), Reid (keyboard, vokal), Jamie McMenemy (bouzouki, vokal) og John Gahagan (fløyte). Før innspelinga av oppfølgjaren At the Front (1978) forlet Gahagan gruppa og blei erstatta av den irske songar-gitaristen Pat Kilbride. Avgangen til både Kilbride og McMenemy kort tid etter gjorde at ein tok inn Jen Clark (vokal, cittern, dulcimer) og Duncan MacGillivray (Highland pipes) til Stand Easy (1979), og dermed byrja gruppa sin tradisjon med å bruka sekkepipe på albuma sine. Clark blei erstatta av den songar-gitaristen Ged Foley frå Northumberland på Home is Where the Van Is (1980), ei utgjeving som markerte ein overgang frå Topic records til produsent Robin Morton sitt plateselskap Temple. Dette albumet innleidde også praksisen til gruppa med å spela inn sjølvskrivne songar i lag med tradisjonsmateriale. Endringane i medlemskap heldt fram, sjølv om gruppa blei verande basert kring kjernen McNeill og Reid fram til 1990, då McNeill forlet henne for å satse på ein solokarriere. Reid forlet så bandet mot slutten av 2010, og konsentrerte seg om sin musikalske duo med gitaristen og songaren Rob van Sante, lydteknikaren til Battlefield Band.[1]
Nyare år
endre1. januar 2015 skreiv Battlefield Band i ein e-mail til fans at etter ein turne i USA i oktober/november 2014 hadde dei byrja arbeid med å spela inn eit nytt album i studio. Mick Moloney (USA/Irland), Nuala Kennedy (Irland), Aaron Jones (Irland), Christine Primrose (Skottland), Alison Kinnaird (Skottland) og Barry Gray (Australia) skulle alle vera med på prosjektet. Gruppa fekk støtte frå Creative Scotland til prosjektet. Planen var å ha innspelinga klar på Temple Records i mars 2015, med ein mogleg turne etterkvart.[nb 1]
22. juni 2015 melde gruppa på Twitter at dei Battlefield Band ville turnera i januar 2016 (11 dagar) i Tyskland, Sveits og Austerrike.[2]
21. august 2015 kom endeleg det nye albumet ut som Beg & Borrow for strøyming. Det kom ut på CD i Storbritannia 18. september og i USA 16. oktober.[3][4]
Battlefield Band stadfesta seinare at dei ville ha ein turne med 16 framferder i tysktalande område frå 14. januar 2016, med ein opptreden på radio og på TV i Tyskland.[5]
Etter ein siste konsert sundag 13. august 2017 under Scotland Piping Live! festival ved The National Piping Centre i Glasgow, som den avsluttande konserten ved festivalen, har gruppa ikkje vore aktiv.[6]
Prisar og utmerkingar
endreBattlefield Band vann «Best Live Act» ved den fyrste utdelinga av Scots Trad Music Awards i 2003. I 2011 vann gruppa «Best Band» ved Scots Trad Music Awards 2011.
11. november 2016 blei Battlefield Band teke med i Scottish Traditional Music Hall of Fame for «Services to Performance».[7][8]
Medlemmar
endre- Alan Reid [1969–2010] (grunnleggjar; keyboard, gitar, vokal, trekkspel, melodika, Hammond-orgel, skriving) – Alan var den siste opphavlege medlemmen av gruppa som han var att før han forlet gruppa i slutten av 2010.
- Brian McNeill [1969–1990[9]] (grunnleggjar; fele, skriving).[9]
- Jim Thomson [1969-1973] (grunnleggjar, gitar, mandolin, tenorbanjo, 5-strengs-banjo, munnspel, blekkfløyte, vokal).[10][11]
- Eddie Morgan [1969-1973] (grunnleggjar, gitar).[10][11]
- Sandra Lang [1969] (grunnleggjar).[12]
- Ricky Starrs [1973?–1976]; (gitar, mandolin, fløyter)
- Jamie McMenemy [1977–1978] (vokal, mandolin, banjo, fele, Irish flute)
- John Gahagan [1977–1978] (fele, fløyte)
- Pat Kilbride [1978; 2002–2005] (vokal, gitar, cittern, bouzouki)
- Jen Clark [1979] (vokal, gitar, cittern and dulcimer)
- Duncan MacGillivray [1979–1983] (sekkepipe)
- Sylvia Barnes [1980[13]] (vokal, dulcimer, gitar, bodhrán).[14]
- Jim Barnes [1980[13]] (cittern, gitar, vokal) – Jim var med i gruppa Kentigern før han blei med i Battlefield Band.[14] Jim døydde i 2004.[13]
- Ged Foley [1980–1983] (gitar, vokal, Northumbrian pipes)
- Dougie Pincock [1984–1990] (sekkepipe)
- Alistair Russell [1984–1997] (gitar, vokal)
- John McCusker [1990–2001] (fele, fløyte, trekkspel, cittern)
- Iain MacDonald [1991–1997] (sekkepipe)
- Davy Steele (1948–2001) [1998-2000] (vokal, gitar, bouzouki, bodhrán, skriving)
- Karine Polwart [2001-2002] (vokal, gitar)
- Ewen Henderson [2011–2014] (fele, Highland pipes, fløyter, piano, vokal)
- Sean O'Donnell [2005–2017] (vokal, gitar)
- Alasdair White [2002–2017] (fele, blekkfløyte, banjo, bouzouki, Highland-sekkepipe, small pipes, bodhrán, cittern, mandolin)
- Mike Katz [1998–2017] (Highland-sekkepipe, small pipes, various whistles, bassgitar, gitar, bouzouki)
Diskografi
endreStudioalbum
endre- Farewell to Nova Scotia (1976) (Escalibur label) (first released on the Breton label Arfolk as Scottish Folk (1976))
- Battlefield Band (Topic label) (1977)
- Wae's me for Prince Charlie (Escalibur label) (1978)
- At the Front (Topic label) (1978)
- Stand Easy (Topic label, reissued as Stand Easy/Preview in 1980) (1979)
- Home Is Where the Van Is (1980)
- There's a Buzz (1982)
- Anthem for the Common Man (1984)
- On the Rise (1986)
- Celtic Hotel (Temple Records TP027) (1987)
- New Spring (1991)
- Quiet Days (1992)
- Threads (1995)
- Rain, Hail or Shine (1998)
- Leaving Friday Harbor (1999)
- Happy Daze (2001)
- Time and Tide (2002)
- Out for the Night (2004)
- The Road of Tears (2006)
- 'Dookin' (2007)
- Zama Zama... Try Your Luck (2009)
- Line-up (2011)
- Room Enough For All (2013)
- Beg & Borrow (2015)
Livealbum
endre- Home Ground – Live From Scotland (1989)
- Across the Borders (1997)
- Live Celtic Folk Music (1998)
Soundtrack
endre- Music in Trust Vol 1 (1986)
- Music in Trust Vol 2 (1988)
Samlealbum
endre- The Story So Far 1977–1980 (1982)
- After Hours: Forward to Scotland's Past (1987)
- Opening Moves: Best Of 1977–79 (1993)
- Scottish Folk: The Rough Guide to Scottish Folk – (includes "Clan Coco / The Road to Benderloch / Fifteen Stubbies to Warragul" from the 1999 studio album Leaving Friday Harbor) (2002)
- The Best of Battlefield Band: A 25 Year Legacy 1977-2001 (2003)
- Three Score and Ten (2009)
- The Producer's Choice[15] (2016)
Video
endre- In Concert (At the Brunton Theatre, Musselburgh) (DVD) (2006 concert Brunton Theatre, Musselburgh, Scotland) (2008)
Merknadar
endre- ↑ As Battlefield Band revealed it in an e-mail sent to their fanbase on 1 January 2015...
Kjelder
endre- ↑ «Alan Reid and Rob van Sante old Website». Reidvansante.com. Henta 17 October 2019.
- ↑ «New tourdates for Germany / Switzerland / Austria posted now...». Twitter. 22 June 2015. Henta 18 August 2015.
- ↑ «Battlefield Band: new album 'Beg & Borrow'». Battlefieldband.co.uk. 14 August 2015. Henta 2 September 2015.
- ↑ «Beg & Borrow by Battlefield Band & Twelve Special Guests». Amazon. 21 August 2015. Henta 2 September 2015.
- ↑ «Battlefield Band web site: Tour». www.Battlefieldband.co.uk. Henta 15 December 2015.
- ↑ «Battlefield Band web site: Tour». www.battlefieldband.co.uk. April 2021. Henta 3. april 2021.
- ↑ «Battlefield Band inducted into Scottish Traditional Music Hall of Fame». Templerecords.co.uk. 7 October 2016. Henta 29 December 2016.
- ↑ «Scottish Traditional Music Hall of Fame Dinner 2016». Projects.handsupfortrad.scot. 24 May 2016. Henta 29. desember 2016.
- ↑ 9,0 9,1 «Brian McNeill – The Baltic Tae Byzantium». Greentrax.com. Henta 18. desember 2015.
- ↑ 10,0 10,1 «Here's an early Battlefield Band line-up shot (1973). From L-R: Eddie Morgan, Jim Thomson, Brian McNeill and Alan Reid». Twitter. 2 September 2016. Henta 17. september 2016.
- ↑ 11,0 11,1 «Here's an early Battlefield Band line-up shot (1973). From L-R: Eddie Morgan, Jim Thomson, Brian McNeill and Alan Reid.». Facebook. 2 September 2016. Arkivert frå originalen 26. februar 2022. Henta 17. september 2016.
- ↑ «Sir Billy Connolly joins me in Scottish Traditional Music Hall of Fame: I'm a founder member of The Battlefield Band.». Twitter. 28. september 2017. Henta 28. september 2017.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 «Jim and Sylvia Barnes». Temple Records. Henta 18 December 2015.
- ↑ 14,0 14,1 «Kentigern (Scottish folk group)». Nigelgatherer.com. Henta 18. desember 2015.
- ↑ «Battlefield Band – The Producer's Choice». Templerecords.co.uk. 2016. Henta 29 December 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Battlefield Band» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2023.