Bodhrán (uttalt /ˈbɔːrɑːn/ eller /ˈbaʊrɑːn/) er eit irsk perkusjonsinstrument. Bodhrán er ei rammetromme med eit skinn, ei einfellstromme. Ein speler som regel på henne med ei enkelt trommestikke som ein kan bruka ei eller to sider av; speling med handa er også mogleg.

Bodhrán

Bodhrán med tosida trommestikke.
Klassifiseringrammetromme
Hornbostel-Sachs klassifisering211.311
Døme

Instrumentet blei opphavleg brukt i rituelle samanhengar og opptog, men frå midten av 1900-talet har ho fått ei sentral rolle som rytmeinstrument i irsk folkemusikk.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Kennedy, Michael, og Joyce Bourne Kennedy (2012), «bodhrán», i Rutherford-Johnson, Tim, The Oxford Dictionary of Music, Oxford University Press 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.