Bayburt er ein by i nordaust i Tyrkia ved elva Çoruh, og er det administrative senteret i provinsen Bayburt.

Bayburt
by
Ruinane av borga i Bayburt
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Bayburt
Høgd 1 550 moh.
Koordinatar 40°15′N 40°13′E / 40.250°N 40.217°E / 40.250; 40.217
Areal 3 652 km²
Folketal 32 141  (2009)
Folketettleik 9 / km²
Borgarmeister Hacı Ali Polat
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 69x xx
Retningsnummer 0458
Bilnummer 69
Kart
Bayburt
40°15′17″N 40°13′34″E / 40.254638888889°N 40.226°E / 40.254638888889; 40.226
Wikimedia Commons: Bayburt
Nettstad: http://www.bayburt-bld.gov.tr

Bayburt var ein gong ein viktig by langs den gamle Silkevegen og vart vitja av Marco Polo og den tyrkiske ekskursjonisten Evliya Celebi. Ruinane av mellomalderborga finst framleis. Her er fleire interessante moskear, tyrkiske bad (Hamam) og gravsteinar, samt undergrunnskomplekset Çatalçeşme og Sirakayalarfossen.

Ein reknar byen for grunnlagd kring 100 fvt. men den historiske borga på staden har spor attende til 2000 fvt.

Klima endre

Bayburt har eit kontinentalklima med kalde vintrar og ofte mykje snø. Somrane er varme og tørre.

Vêrdata for Bayburt
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 10,3 12,1 21,2 25,3 29,6 32,4 36,2 37,1 33,3 28,8 18,8 14,9 37,1
Gjennomsnittleg maks °C −1,5 0,1 5,5 12,8 17,9 22,3 26,8 27,2 23,3 16,4 8,2 1,3 13,4
Gjennomsnittleg min °C −11,1 −9,8 −4,4 1,7 5,4 8,1 11 10,8 7,2 3,4 −2,2 −7,6 1
Lågast målte °C −26,5 −27,6 −28,3 −12 −4,4 −1,6 0,2 2,4 −2,1 −10,6 −20 −29 −29
Gjennomsnittleg nedbør mm 26,5 28 41,4 61,4 68 50,8 20,4 15,9 21,8 47,3 35,3 28,7 445,5
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre