Be Good to Yourself
Be Good to Yourself Singel av Journey frå albumet Raised on Radio | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1986 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:51 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon | |
Produsent | Steve Perry | |
Journey-kronologi | ||
«Only the Young» (1985) |
Be Good to Yourself | «Suzanne» (1986)
|
«Be Good to Yourself» er ein song av Journey frå det niande studioalbumet deira, Raised on Radio frå 1986. Songen kom ut som den første singelen frå albumet og gjekk inn på topp 10 den amerikanske Billboard Hot 100 og er så langt den siste singelen deira som har klart dette.
Journey valde å ikkje lage musikkvideo til songen, noko som var ganske uhøyrt på denne tida då MTV hadde stor innverknad og var særs populært. Årsaka var at bandet frykta å bli overeksponert.[1]
Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, og i lag med «Don't Stop Believin'» og «Only the Young» var det den fjerde høgaste plasseringa deira på lista.[2] Songen nådde høgare på Hot Mainstream Rock Tracks-lista, der han nådde andreplassen. Songen gjekk òg inn på lista i Canada og i Storbritannia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Be Good to Yourself» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Steve Gett (26. april 1986). «No Video For Journey Album—Manager: Clips Are 'Insignificant'». Billboard 98 (17). s. 1. Henta 2. juni 2020.
- ↑ «Hot 100 Week of 31. mai 1986». Music chart. Billboard.com. 31. mai 1986. Henta 2. juni 2020.