Be True to Your School

«Be True to Your School»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Little Deuce Coupe
Språk engelsk
Utgjeve 14. oktober 1963
Innspelt 2. september 1963
Sjanger Surferock
Lengd 2:09
Selskap Capitol Records
Komponist Brian Wilson, Mike Love
Tekstforfattar Brian Wilson, Mike Love
Låtskrivar(ar) Brian Wilson og Mike Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«Surfer Girl»/«Little Deuce Coupe»
(1963)
«Be True to Your School» «Little Saint Nick»
(1963)


«Be True to Your School» er ein song av The Beach Boys. Albumutgåva av denne songen vart spelt inn 2. september 1963 og kom ut på Little Deuce Coupe og seinare på Endless Summer.

Songen inneheld kampsongen til University of Wisconsin, «On Wisconsin», men truleg er det ei hyllest til Hawthorne High School, som har ein kampsong med same melodi som «On Wisconsin», som Al Jardine forklarte i dokumentaren The Beach Boys: An American Band. (1984) Wilson-brørne og Al Jardine hadde alle gått på denne skulen.

Songen vart skriven av Brian Wilson og Mike Love og vart først spelt inn under innspelinga av Little Deuce Coupe. Seinare spelte dei inn ein annan versjon som vart gjeve ut på singel. Albumversjonen, som var den første, vart spelt inn i ein høgare toneart og i eit seinare tempo enn singelutgåva. Den andre utgåva inneheld òg forskjellige heiagjeng-rop.

På B-sida av singelen var «In My Room» av Brian Wilson og Gary Usher. Singelen kom ut som Capitol 5069 og nådde sjetteplassen i USA.

Kjelder endre