In My Room
In My Room Singel av The Beach Boys frå albumet Surfer Girl | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. oktober 1963 | |
Innspelt | 16. juli 1963 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:11 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Brian Wilson, Gary Usher | |
Tekstforfattar | Brian Wilson, Gary Usher | |
Låtskrivar(ar) | Brian Wilson Gary Usher | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«Surfer Girl»/«Little Deuce Coupe» (1963) |
In My Room | «Little Saint Nick» (1963)
|
«In My Room» er ein song skriven av Brian Wilson og Gary Usher for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut på albumet Surfer Girl 1963. Seinare same året kom han ut som B-side til singelen «Be True to Your School». Singelen nådde sjetteplass i USA. Ei utgåva av songen av Sagittarius, bandet til Usher, nådde 86. plass i 1969.
Låtskrivinga
endre
There's a world where I can go and tell my secrets to
Brian Wilson/Gary Usher
|
Gary Usher skreiv delar av teksten i lag med Brian Wilson, medan Wilson skreiv heile melodien.
Brian Wilson har forklart at det er ei soge bak songen. Då han og brørne Dennis og Carl budde i Hawthorne som born, søv dei alle i same rom. Ein kveld song han songen «Ivory Tower» til dei og dei likte det. Eit par veker seinare lærte han dei å synge harmonivokalar til songen. Dei song denne songen kveld etter kveld, og gav dei ro. Då dei spelte inn «In My Room» var det berre Dennis, Carl og Brian på førsteverset. I følgje Brian høyrdest dei akkurat ut som dei gjorde på soverommet sitt alle dei kveldane.
Musikarar
endre- Brian Wilson: solovokal, bass
- Mike Love: korvokal, solovokal (mellomspel)
- Carl Wilson: korvokal, gitar
- Dennis Wilson: korvokal, trommer
- Al Jardine: korvokal
- David Marks: gitar
Ettermæle
endre«In My Room» låg på Billboard Top 100 i 11 veker og nådde 23. plass i 1963.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 212. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010. David Crosby frå The Byrds og Crosby, Stills & Nash (and Young) har fortalt at han er stor tilhengjar av songen, og at då han høyrde songen første gongen så ville ha gje opp med musikk fordi han aldri kom til å klare å gjere det same. Han song nettopp denne songen på ei hyllest konsert til Brian Wilson i lag med Jimmy Webb og Carly Simon. John Cale valde ut songen på radioprogrammet Desert Island Discs.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In My Room» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2006 ISBN 0-89820-172-1 og ISBN 978-0-89820-172-7
213: «96 Tears» ? and the Mysterians |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 212 «In My Room» The Beach Boys |
211: «Gloria» Them |