Beaivvašgieddi kapell

kyrkje i Karasjok i Finnmark

Beaivvašgieddi kapell er ei langkyrkje frå 1915 i Karasjok kommune i Finnmark.[1] Det ligg ved elva Kárašjohka og vart bygd med flyttsamane i tanke.

Beaivvašgieddi kapell
kyrkje
Kapellet fotografert i 1921
Foto: Henrik Jakob Jelstrup
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Finnmark
Sokn Karasjok sokn
Fellesråd Karasjok
Type Langkyrkje
Arkitekt Kristian Nissen
Material Tre
Innvigd 12. desember 1915[1]
Kart
Beaivvašgieddi kapell
69°12′21″N 24°45′38″E / 69.20589°N 24.76066°E / 69.20589; 24.76066
Wikimedia Commons: Beaivvašgieddi kapell

Kapellet er bygt i lafta tømmer etter teikningar av sokneprest Kristian Nissen.[1] Det hadde opphavleg torvtekt tak.[1] Det er kyrkjegard ved kapellet. Han var tidlegare inngjerda med stakittgjerde, men no er det berre den eismale grava på kyrkjegarden som er inngjerda.

Forfattaren Matti Aikio la handlinga i romanen Hyrdernes kapel til Beaivvašgieddi.[2]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Erik Schytte Blix (1974). «Bæivasgiedde kapell]». Kirker og kirkeliv i Karasjok. Tromsø: Eige forlag/Karasjok kommune. s. 30-34. 
  2. Kristian Nissen (1955). Matti Aikio : en norsk forfatter av samisk ætt. 1955: Samisk selskaps årbok. s. 11.  [Særtrykk av Sameliv - Samisk selskaps årbok 1953-1955]

Bakgrunnsstoff endre