Beate Brox
Beate Brox (fødd 9. april 1967) er ein norsk musikar, forfattar og redaktør. Ho er utdanna ved Rogaland Musikkonservatorium og har vidareutdanna seg innan musikkformidling ved Norges musikkhøgskole. Ho har òg studert fonetikk ved NTNU i Trondheim.
Beate Brox | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1967 (57 år) Oslo |
Yrke | musikar, skribent |
Hennar hovudinstrument er klassisk slagverk og ho har i mange år reist som utøvande kunstnar på turnear med Rikskonsertane/Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken. Av turnerande produksjonar kan nemnast Humlens flukt, Sirkusdrømmen, Dråpen H2O, Treet med den rare i og Takk for alt, om livets siste mysterium. Ho har spelt med mange av symfoniorkestera i landet og militærkorps, spelt på CD-utgjevingar med Stavanger Symfoniorkester, Trondheim blåseensemble og to barneplater med Eva Nordli Krøger.[1]
Brox arbeidar som musikkformidlar i Oslo-Filharmonien.
Brox har gjeve ut bøkene Min første bok melodisk slagverk, Lekerbisken og Musikkspillet A-B-C på Norsk Musikforlag. Ho er i tillegg redaktør i Brox Forlag, og har der gjeve ut bøkene Sirkusdrømmen (2007) og Pennepoesi (2010).
Kjelder
endre- ↑ «Fagerhøy Kulturverksted». Henta 27. april 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Beate Brox» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.