Opna hovudmenyen

Beatrix av Nederland

Dronning av Nederland (1980-2013)

Beatrix (fødd 31. januar 1938) er tidlegare dronning av Nederland med titlane prinsesse av Nederland, prinsesse av Oranje-Nassau og prinsesse av Lippe-Biesterfeld. Ho er dotter av dronning Juliana av Nederland (av huset Mecklenburg-Schwerin) og prins Bernhard zur Lippe-Biesterfeld. Hennar fulle namn er Beatrix Wilhelmina Armgard van Oranje-Nassau, sidan det er tradisjon for at medlemene av kongehuset i Nederland brukar dette etternamnet, sjølv om det er lenge sidan trona passerte til andre slekter. Ho høyrer til fyrstehuset Lippe. Ho var den fyrste nederlandske dronninga ved namn Beatrix.

Beatrix av Nederland
Koningin Beatrix in Vries.jpg
Fødd31. januar 1938
Paleis Soestdijk i Baarn i Provinsen Utrecht
TittelPrinsesse av Nederland
Fullt namnBeatrix Wilhelmina Armgard van Oranje-Nassau
Hus eller slektLippe
LandKongeriket Nederlanda
MorJuliana av Nederland
FarBernhard av Nederland
EktefelleClaus von Amsberg (1926–2002)
BarnWillem-Alexander av Nederland, Johan Friso av Oranien-Nassau, Constantijn av Nederland
MedlemRomaklubben

28. januar 2013 kunngjorde Beatrix at ho ville abdisere til fordel for sonen, kronprins Willem-Alexander, den 30. april.[1]

Beatrix vart i 1964 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Kulturell påverknadEndra

GalleriEndra

Beatrix av Nederland

ReferansarEndra

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Beatrix av Nederland» på Wikipedia på bokmål/riksmål.