Because of You av Gustaph
«Because of You» Song av Gustaph | ||
Land | Belgia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 13. januar 2023 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:00 | |
Komponist | Stef Caers, Jaouad Alloul | |
Tekstforfattar | Stef Caers, Jaouad Alloul | |
Låtskrivar(ar) | Stef Caers, Jaouad Alloul |
---|
«Because of You» (norsk omsetjing: ‘på grunn av deg’) er ein poplåt som blir framført av den belgiske artisten Stef Caers, kjend som Gustaph. Songen blei gjeven ut 13. januar 2023 og er komponert av Caers sjølv, saman med Jaouad Alloul. Songen vann den belgiske songtevlinga Eurosong 2023 og var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[1]
Om songen
endre«Because of You» er skriven av Stef Caers og Jaouad Alloul. I eit intervju med Eurovision-nettsida ESC Bubble, uttalte Caers at songen er ei hyllest til fridomen og «gleda av å vere seg sjølv». Caers tilhøyrer LHBT-miljøet og seier erfaringane som skeiv inspirerte han til å skrive låten. Han omtalar «Because of You» som ein lettare klubblåt.[2]
Eurovision Song Contest
endreHausten 2022 kunngjorde den flamske kringkastaren VRT at Gustaph var ein av sju deltakarar i songtevlinga Eurosong 2023 laurdag 14. januar 2023. I ein serie førehandsprogram framførte kvar artist to potensielle låtar foran dei seks andre artistane, som gav tilbakemeldingar på låtane. Basert på tilbakemeldingane valde artisten ein av låtane til finalen.[3] Gustaph presenterte songane «The Nail» og «Because of You» den 12. og 13. januar. Den siste kvelden valde han låten «Because of You» til finalen av Eurosong 2023.[4][5]
I finalen laurdag 14. januar vann «Because of You» Eurosong 2023 med 278 poeng. Han var nummer tre hos juryane og nummer to hos sjåarane, men fekk flest poeng samla. Som vinnar blei «Because of You» det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[6] Låten enda til slutt på sjuandeplass med 182 poeng. Dette var det beste resultatet til Belgia sidan 2017, og det var det nest beste resultatet til Flandern nokosinne.[7]
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop Flandern)[8] | 3 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] | 2 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[10] | 34 |
Litauen (AGATA)[11] | 15 |
Nederland (Single Tip)[12] | 3 |
Sverige (Sverigetopplistan)[13] | 82 |
UK Singles (Official Charts Company)[14] | 63 |
UK Indie (Official Charts Company)[15] | 11 |
Kjelder
endre- ↑ «Gustaphwins 'Eurosong 2023' in Belgium with 'Because of You'». eurovision.tv (på engelsk). 14. januar 2023. Henta 22. januar 2023.
- ↑ «Gustaph: ‘I wanna celebrate freedom and the joy to be yourself’». ESCBubble (på engelsk). Henta 22. januar 2023.
- ↑ «Verrassing: artiesten kiezen zélf eigen inzending voor 'Eurosong'-finale». Songfestival.be (på nederlandsk). 20. desember 2022. Henta 22. januar 2023.
- ↑ «Belgium– Eurosong 2023: Gustaph and The Starlings reveal their songs for tomorrow’s final!». escYOUnited (på engelsk). 13. januar 2023. Henta 22. januar 2023.
- ↑ «'Eurosong2023' vanaf 9 januari week lang op tv». Songfestival.be (på nederlandsk). 8. november 2022. Henta 22. januar 2023.
- ↑ Veen, Renske ten (14. januar 2023). «Gustaphwill represent Belgium at Eurovision 2023 with "Because of You"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 22. januar 2023.
- ↑ Farren, Neil (16. mai 2023). «Belgium: Just Under 1.7 Million Viewers for Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «Gustaph- Because Of You -ultratop.be». www.ultratop.be. Henta 22. januar 2023.
- ↑ "Ultratop.be – Gustaph – Because of You" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Ultratop.be – Gustaph – Because of You" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «DutchSingle Tip 27/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 27. mai 2023.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Because of You (Gustaph-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.