Bedehuset Bethel på Judaberg

Bedehuset BethelJudaberg var det første bedehusetFinnøy, og stod ferdig i 1878. Den kjende presten og predikanten Lars Oftedal frå Stavanger stod for bygginga. Huset er bygt i stein og var tenkt som eit regionbedehus for Ryfylke. Bedehuset Saron på Bryne hadde ein liknande funksjon på Jæren.

Interiør frå Bedehuset Bethel.

galleriet på Bethel har Ryfylkemuseet opna ei utstilling om bedehuskulturen i Ryfylke, i samarbeid med styret for Bethel. Utstillinga er eit resultat av det bedehusprosjektet som Ryfylkemuseet hadde gåande frå 2009 til 2011. Prosjektet har resultert i eit fyldig dokumentasjonsmateriale om bedehuskulturen i Ryfylke, i form av intervju, foto, arkiv- og gjenstandsmateriale. Utstillinga på Bethel kom i stand gjennom samarbeid med styret for Bethel. Formidling av resultata av bedehusprosjektet skjer gjennom utstillinga og gjennom utgjeving av skriftet «Lekmannsrørsla og bedehusa i Ryfylke», trykt i museet si årbok Folk i Ryfylke 2011.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre