Bega (rumensk Bega, serbisk Begej (Бегеј), tysk Bega, ungarsk Béga) er ei 254 km lang i Romania (178 km) og Serbia (76 km). Ho spring ut i Poiana Ruscă-fjella i Romania, ein del av Karpatane, og munnar ut i Tisza nær Titel i Vojvodina i Serbia.

Bega
Begej / Бегеј
elv
Brua over Begej i Zrenjanin i Serbia
Land  Romania,  Serbia
Nedslagsfelt 2 870 km²
Lengd 256 km
Kjelde Poiana Ruscă-fjella i Romania
Munning Tisza, nær Titel i Serbia
 - høgd 75 moh.
Kart
Bega ved Tisza
45°54′53″N 22°24′21″E / 45.914722222222°N 22.405833333333°E / 45.914722222222; 22.405833333333
Wikimedia Commons: Bega/Begej

Elva i Romania endre

Elva startar der elvane Bega Luncanilor og Bega Poieni renn saman. Ved Coșava snur elva vestover og renn gjennom Făget, Balinț og Topolovățu Mic, der ho renn ut på dei låge Banatslettene. Slettene var ofte råka av flaum, så Begakanalen vart bygd for å hindre dette. Kanalen renn gjennom Timişoara og held fram sørvestover og inn i Serbia nær landsbyen Hetin.

Elva i Serbia endre

Nær Jankov Most vert Begej ein del av den store Donau-Tisza-Donau-kanalen og snur sørover. Her mottar ho vatn frå Novi Begej. Her renn elva ut frå kanalen og snur vestover. Ved Zrenjanin snur ho sørover gjennom det gamle elvefaret til Tisa, og renn gjennom Ečka, Stajićevo og Perlez. Denne delen av elva er prega av myrområde og nokre av desse er omforma til fiskevatn, som Belo jezero og Ribnjak Ečka, den største i Serbia med eit areal på 25 km². Resten av våtmarksområde dannar den største myra i Serbia, Carska bara. Etter Begej renn ut frå dette området munnar ho ut i Tisa.

Kjenneteikn endre

Elva har eit nedslagsfelt på 2 878 km².

Dei kanaliserte delane av både Stari Begej og Novi Begej kan nyttast til skipsfart. Av busetnader langs Novi Begej finn ein Srpski Itebej, Novi Itebej, Torak og Žitište.

Kjelder endre